Det blir ny straumrekord måndag ettermiddag i Sør-Noreg. Prisen per kilowattime vil mellom klokka 18. og 19. vere på 4,59 kroner, ifølgje Nordpool.
Merk at dette er innkjøpsprisen til straumselskapa. Den inkluderer ikkje nettleige og avgifter. Prisen for deg som straumkunde blir derfor enda høgare.
Den lågaste prisen får du klokka 03 om natta. Då er marknadsprisen nede i 1,53 kroner kilowattimen.
På same tid er det meldt kaldt vêr framover.
Sprengkulde
– Det kjem til å bli kaldare i neste veke. Den kalde lufta er på veg sørover, seier meteorolog Bente Wahl.
I Sør-Noreg blir det kaldast midt på natta i morgon, og midt på dagen vil det vere eit par plussgrader langs kysten, fortel meteorologen.
Men på fjellet i Sør-Noreg er temperaturen ein annan.
– Vi snakkar om ein 15–20 minus i fjellet, seier Wahl og legg til:
– Eg vil seie at vi kan kalle det sprengkulde etter kvart.
Les også:
- I fall du er i tvil – den kvite jula er ein myte
- Nå er det slutt på ekstreme strømpriser i halve landet
50.000 fleire kan få bustøtte grunna straumprisane
Regjeringa har blitt einige med SV om å utvide bustøtta mellombels, slik at 50.000 fleire kan få bustøtte grunna dei høge straumprisane.
I ei pressemelding frå kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) søndag ettermiddag, står det at støtta blir auka i januar, februar og mars.
– Mange fleire kan få bustøtte i denne perioden, men det føreset at dei søkjar no, seier Gram.
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier at bustøtta blir auka i dei tre første månadane i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTBBåde nye og eksisterande mottakarar vil i tillegg kunne få ekstrautbetaling på minst 1500 kroner i månaden.
– For å få utbetaling i januar er det viktig at dei som ikkje allereie har teke imot bustøtte, søkjer Husbanken om dette innan 31. desember. Dei som allereie mottar bustøtte, treng ikkje søke på nytt for å få ein ekstrautbetaling desse månadane, seier statsråden.
Mellom 130.000-140.000 husstandar kan få auka bustøtta i dei første tre månadane i 2022.
Totalt utgjer det rundt 850 millionar kroner i utbetalingar.