Hopp til innhold

No er influensaen på frammarsj

Talet på influensasjuke og sjukehusinnlagde auka markant førre veke, syner ein fersk statusrapport frå Folkehelseinstituttet (FHI). Dårleg vêr får noko av skulda – men toppen er framleis ikkje nådd.

Influensa

Influensasesongen er no godt i gang, særleg på aust- og vestlandet.

Foto: Arkiv/Kallestad, Gorm / SCANPIX

Stellan Georg Schreiner

Stellan Georg Schreiner er tilbake i barnehagen i Oslo etter å ha vore influensasjuk.

Foto: NRK

– Det var ikkje så bra å vera sjuk, men eg såg på film og fekk frukt, seier Stellan Georg Schreiner, som nyleg måtte vera heime frå barnehagen på grunn av influensa.

Sist veke blei det påvist 696 influensavirus A og 220 influensavirus B, viser siste rapport frå FHI, som overvakar influensasituasjonen i Noreg frå oktober til mai.

– Me er no godt i gang med eit middels kraftig influensautbrot. Det er jamt stigande, og me reknar med at det vil toppa seg i løpet av eit par veker, seier seniorforskar Olav Hungnes ved avdeling for virologi ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Ventar ei dobling i Bergen

Øystein Søbstad

Fleire får influensa når vêret er slik det har vore i Bergen i det siste – kjøleg og surt, seier smittevernoverlegen i kommunen Øystein Søbstad.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

Høgast er influensaførekomsten i Akershus, Oslo, Buskerud og Hordaland. I dei fire fylka fekk fleire enn to prosent av dei som gjekk til legen førre veke ein influensadiagnose.

– Det er ikkje dramatiske tal, men me har ikkje sett toppen enda. Eg ventar ei dobling i Bergen i løpet av dei neste to tre vekene, seier smittevernoverlegen i Bergen, Øystein Søbstad til NRK.

FHI kallar dette ein vanleg influensavinter. Likevel er det langt fleire sjuke i år enn i fjor, som var ein spesielt laber influensasesong.

– Den milde vinteren i fjor gav mindre influensa, men i det siste har Bergen hatt kjølig og surt ver, forklarar Søbstad.

Kvifor er det større sannsyn for å få influensa når det er stygt vêr?

– Det er ei kjensgjerning at vêret påverkar helsa vår, både fysisk og psykisk. Om vinteren er det gjerne mørkt og stussleg og me frys litt meir. Då aukar førekomsten av alle typar luftvegsinfeksjonar, også influensa, utdjupar smittevernoverlegen.

Verst for eldre og sjuke

Av alle som blir influensasjuke i Noreg, har sju av ti influensavirus A. Dette viruset har endra seg litt frå i fjor, dermed er ikkje immuniteten i befolkninga like god som den kunne ha vore.

Særleg dei eldre er sårbare. Fleirtalet av dei innlagde pasientane denne sesongen er over 60 år.

– Me kjem til å sjå fleire alvorlege tilfelle blant eldre i år enn i fjor. Viruset er ikkje kraftigare enn vanleg, men for dei som er sjuke frå før og har eit nedsett immunforsvar, vil influensaen kunne forverra sjukdomen eller gje lungebetennelse, opplyser Hungnes ved FHI.

AKTUELT NÅ