Hopp til innhold

Nikita vart skoten sist på London Pub: – Ei intens frykt

Nikita Amber Abbas flykta frå London Pub med sin skadde kompis på rullestolen. I ettertid klarer ho ikkje å ta innover seg hendinga. Det er ein normal reaksjon, seier psykolog.

Nikita Amber Abbas utanfor bustadblokka ho bur i Oslo.

Nikita Amber Abbas jobbar for Norges Handikappforbund ungdom og er nestleiar i Salam, organisasjon for skeive muslimar.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Natt til laurdag den 25. juni er Nikita Amber Abbas tilfeldigvis på London Pub i Oslo saman med ein kompis og venninna hans.

I eit sekund pratar dei saman og har det kjekt.

I det neste ligg ho på bakken med kompisen over seg.

Eg var i sjokk og hadde mykje adrenalin, fortel Abbas.

Kulene til den terrorsikta Zaniar Matapour (43) skal då ha treft kompisen hennar, og begge skal ha ramla i bakken.

Han blødde. Det gjorde ho også, men utan å vite det.

Eg trur han såg gjerningsmannen før meg og såg at eg kom til å bli skoten. Han beskytta meg mot kulene frå gjerningsmannen, seier ho.

Denne kvelden er framleis tåkete i minne til Abbas, og ei veke etter åtaket har ho framleis ikkje heilt klart å ta innover seg kva som faktisk skjedde.

Eg hugsar ei intens kjensle av frykt.

Nikita Amber Abbas - London Pub - Masseskyting Oslo Pride

I etterkant av masseskytinga ved London Pub fortel Nikita Amber Abbas at ho har opplevd å få mykje støtte.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Ho fortalde historia si først i Aftenposten.

Køyrde vekk kompisen

Abbas er delvis lam og har ein sjukdom som gjer at ho brukar rullestol. Og heldigvis har den plass til den såra kompisen.

Medan kaoset herja rundt, fekk dei kompisen opp i rullestolen og Abbas køyrde dei langt vekk.

Vi rett og slett rømde der ifrå, seier ho.

Nikita Amber Abbas og rullestolen ho ikkje lenger klare å bruke.

Nikita Amber Abbas brukte fotbrettet på favorittrullestolen for å berge kompisen sin. No klarar ho ikkje lenger å bruke den.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Då dei var komne rundt to kilometer vekk frå staden ringde dei ambulansen. Kompisen vart henta, og Abbas reiste heim med kjolen dekt i blod.

Frå barndommen av har eg ein tendens til å flykte frå ting eg ikkje psykisk er klar til å ta innover meg. Så eg valte å reise heim og prøve å sove det av meg.

På dette tidspunktet hadde Abbas ingen ide om at ho også var skada.

Før legevakta ringe eit par timar seinare.

Det var då eg innsåg det

I det Abbas kom heim kasta ho den blodige kjolen i søpla.

– Eg ville kvitte meg med all form for bevis på at natta i det heile tatt skjedde. Eg ynskte ikkje å ha noko som kunne minne meg på kva eg hadde vore igjennom, seier ho.

Så ringde Legevakta og lurte på om ikkje ho også vart skada.

Eg veit ikkje, svarte ho.

Då bad dei ho om å sjekke.

Det var då eg innsåg det. Blodet på kjolen min var ikkje berre frå kompisen min, men også frå meg.

Kula skal ha gått igjennom kompisen og enda opp inne i Abbas. Ho trefte eit område kor ho er lam, som kan vere grunnen til at ho ikkje kjente noko.

Nikita Amber Abbas :Lololol
Nikita Amber Abbas :Det viser seg at jeg ble skutt after all
Nikita Amber Abbas :Og nå må jeg på sykehuset
Nikita Amber Abbas :Den kom igjennom kompisen min og er i kroppen min og jeg innså engang ikke fordi jeg er lam i det område og legevakten ringte først no og sa de aldri fant den
Nikita Amber Abbas :Sooo jeg vet ikke om jeg kommer på mandag allikavel
Venninna:omg
Venninna:Hold meg oppdatert

Klarer ikkje ta innover seg det som har skjedd

– Eg kasta kjolen for det er sånn eg handterer traume. Eg berre rømmer frå dei, og då kan eg ikkje ha noko som minner meg på traume, forklarar Abbas.

Når ho no fortel kva som har skjedd, kjennast det ikkje ut som at dette har hendt ho sjølv.

Eg føler eigentleg at eg snakkar om ein heilt annan person.

Abbas klare heller ikkje å bruke favorittrullestolen som køyrde kompisen i sikkerheit.

Rullestolen som Nikita Amber Abbas ikkje lenger klare å brukte.

Nikita Amber Abbas eig to elektriske rullestolar. Ein stor kor ho fekk plass til kameraten, og ein litt mindre.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

– Eg får flashbacks når eg brukar den stolen, så eg slit med å bruke den no.

Då kjem angstkjensla og Abbas føler ho er i eit anna univers.

– Desse kjenslene er veldig vanlege når vi blir utsett for noko uventa og frykteleg farleg, seier krisepsykolog Unni Marie Heltne.

Les også: Skal ha brukt en maskinpistol av denne typen under terroraksjonen

Maskinpistil 40. Modell fra 1941.
Maskinpistil 40. Modell fra 1941.

Er ein beskyttelsesreaksjon

Flere skadd og to drept etter skyting i Oslo

Dagen etter masseskytinga i Oslo samla fleire seg i sorg ved London Pub.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ho skildrar tre grupper med reaksjonar ein kan få etter ei slik hending.

  1. Du får veldig sterke gjenopplevingar. Du får mareritt, høyrer lyder og får bilete av hendinga som kjem heilt umeldt.
  2. Kroppen kan bli spent og du blir skvetten. Då reagerer du gjerne sterkt på brå bevegelsar eller om nokon til dømes dultar bort i deg.
  3. Du byrjar å unngå ting som minner om hendinga. Det kan vere stadar, klede du har hatt på deg eller gjenstandar.

Desse kjenslene kan også sitte i ei god stund etter hendinga, forklarar Heltne, som har jobba med menneske i krise etter katastrofar og ulykker i mange år.

Ein del vert heilt numne akkurat når dei er i den farlege situasjonen, og denne kjensla av å vere nummen kan sitte i også etter at situasjonen er over.

Dette kan ha fleire forklaringar:

– Når kjenslene vert numne kan vi klare å kome oss ut av den farlege situasjonen utan å få panikk. Ei anna forklaring at vi blir så redde at denne nomne kjensla beskyttar oss frå redselen.

Ho understrekar at om reaksjonane etter hendinga ikkje går vekk, eller at ein plagast med dei i kvardagen, bør ein søkje hjelp. Ein stad å starte er hos fastlegen, seier Heltne.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ