I spørjeundersøkinga svarar nærare ni av ti at ein må ta antibiotika for å bli kvitt minst ein av dei følgjande infeksjonssjukdomane: urinvegsinfeksjon, halsbetennelse, øyrebetennelse, biholebetennelse, bronkitt, influensa eller forkjøling.
(Sjekk resultata frå FHI-spørjeundersøkinga i tabellen nedst i artikkelen)
Dette er alle sjukdomar som kroppen normalt sett greier å ta knekken på sjølv, eller som kjem av virus og dermed er upåverka av antibiotika.
– Urovekkjande
– Resultata er urovekkjande. Eg trur svært mange har som utgangspunkt at det er heilt normalt å ta antibiotika ved vanlege infeksjonssjukdomar. Det burde ikkje vera utgangspunktet, men unntaket, seier avdelingsdirektør Ulf Dahle ved FHI.
Undersøkinga er basert på svar frå 65 tilfeldig forbipasserande i Oslo og er meint til å gje ein peikepinn på kva FHI kan forventa å finna når dei i oktober avsluttar den store spørjeundersøkinga om haldningar til antibiotika og resistens, som blei starta opp fredag førre veke.
Dei førebelse resultata indikerer at feiloppfatninga er aller mest utbreitt når det gjeld urinvegsinfeksjon og halsbetennelse. Dette byr på utfordringar for fastlegane, stadfestar Legeforeininga.
– Svært mange av øyeblikkeleg hjelp-timane på fastlegekontor og legevakt dreier seg om desse problemstillingane. Det er alltid ei utfordring når nokon forventar ei bestemt behandling, seier påtroppande president i Legeforeininga, Marit Hermansen.
Høgare forbruk enn Sverige og Danmark
Noreg har per i dag eit høgare antibiotikaforbruk enn land som Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland. Trass i at det i dei aller fleste tilfella er unødvendig, er luftvegsinfeksjonar bakgrunnen for heile seks av ti antibiotikareseptar her i landet.
Regjeringa har nyleg sett som mål at antibiotikaforbruket i helsesektoren skal ned med 30 prosent innan 2020.
- LES OGSÅ: Difor bør du frykta antibiotikaresistens
– Me veit generelt sett at det finst feiloppfatningar om antibiotika og at det er behov for å auka kunnskapsnivået om antibiotika – både blant helsepersonell og blant folk flest, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Cecilie Brein-Karlsen.
– Arbeidet med å kartleggja haldningar og kunnskap i folkesetnaden er spanande og viktig for at me skal kunne gje riktige råd og på riktig måte, legg statssekretæren til.
Ifølgje Hermansen i Legeforeininga blir det kontinuerleg jobba med å få legane til å føreskriva mindre antibiotika, blant anna ved å gje den einskilde lege tilbakemelding på sine føreskrivingar.
Betre kjøkkenhygiene etter kylling-oppslag
Det FHI trekkjer fram som dei mest positive resultata frå spørjeundersøkinga, er at samtlege av dei spurde meiner antibiotika bør vera på resept og at tre av fire svarar at dei har blitt flinkare med kjøkkenhygienen som følgje av all merksemda knytt til antibiotikaresistens i kylling og kalkun den siste tida.
– Det er svært hyggeleg fordi det er noko me alle treng å ha eit fokus på kontinuerleg, seier Dahle ved FHI.
- LES OGSÅ: Sju av ti kyllingfileter har resistente bakterier
- LES OGSÅ: Ønsker hygiene-merking av kylling