Ni av ti døyr av denne kreftforma: – Vi kan ikkje sitje stille og ikkje gjere noko

Kreft i bukspyttkjertelen rammar 800 menneske kvart år her i landet, og berre 100 overlever. Likevel er dette den kreftforma det blir forska minst på.

Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen

Anne Lise Ryel er generalsekretær i Kreftforeininga. Ho ynskjer å setje fokus på korleis vi kan få betre kunnskap om bukspyttkjertelkreft.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

FNs naudhjelpskoordinator Jan Egeland opplevde å miste kona si, tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes, i denne kreftforma. Det gjekk litt over to år frå ho fekk diagnosen kreft i buspyttkjertelen til ho døydde i mars i fjor, 60 år gammal.

– Det som skjedde då var at vi på den eine sida fekk oppleve kor flott det norske helsestellet er, men på den andre sida at det ikkje var nokon kur for denne sjukdomen, seier Egeland til NRK.

Jan Egeland

FNs naudhjelpskoordinator Jan Egeland opplevde å miste kona si.

Foto: NRK

Paret fekk vite at det nesten ikkje er nokon som forskar på sjukdommen, og at det ikkje finns eksperimentell behandling.

– Det var eit hardt slag, seier Egeland.

Lindrande behandling

Han fortel at dei fekk beskjed om at kona kom til å få god lindrande behandling, operasjon og cellegift etter operasjonen. Men det var berre snakk om livsforlengjande og lindrande behandling.

Kirkens nødhjelps utenlandssjef Anne Kristin Sydnes

Tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes døydde av kreft i buspyttkjertelen i mars i fjor.

Foto: Hege Opseth

– Ho syntest det var så ille. Ho brukte det siste leveåret sitt på å starte Pancreaskreft Nettverk Norge saman med kreftlegar, pårørande og andre pasientar. Ho gjorde det ikkje for sin eigen del, men ho synest det var så ille at det var så lite merksemd rundt denne sjukdomen. Vi fann ut at 90 prosent av forskinga gjeld dei kreftformene som har høgst overlevingsprosent, seier Jan Egeland.

FN-toppen er klar på at han er nøgd med det norske helsestellet, men at det her er snakk om generelle prioriteringar i samfunnet.

Ein av ti overlever

Generalsekretær i Kreftforeininga , Anne Lise Ryel, fortel at det no er sju av ti som overlever kreft, men at når det gjeld bukspyttkjertelkreft, så er det berre ein av ti som overlever. Og det går ofte berre nokre få månader frå diagnosen er stilt til pasienten går bort.

Ho ynskjer å setje fokus på korleis vi kan få betre kunnskap om sjukdomen.

– Vi ynskjer å kanalisere meir pengar til forsking for å finne årsakene til denne kreftforma, korleis setje tidlegare diagnosar og korleis få ei betre behandling slik at fleire skal overleve. I tillegg treng vi eit register, slik at vi kan samanlikne behandlinga på dei ulike sjukehusa, seier ho til NRK.

Ryel meiner at politikarane bør prioritere å setje av midlar til forsking, det same gjeld Forskingsrådet og universiteta. Det er heilt naudsynt at forsking på denne kreftforma må få eit løft, meiner ho.

– Det er over 700 menneske som døyr av kreft i bukspyttkjertelen kvart år. Vi kan ikkje sitje stille og ikkje gjere noko med det, seier generalsekretæren i Kreftforeininga.

SISTE NYTT

Siste meldinger