Hopp til innhold

NHO: Ut av heimekontoret – tilbake til arbeidsplassen

Rådet frå Helsedirektoratet er framleis heimekontor, men frå Næringslivets hus i Oslo går det ut ei heilt anna melding: Få tilsette tilbake til arbeidsplassen

hjemmekontor

Næringslivets Hovedorganisasjon og NHO meiner at arbeidsplassane gradvis bør opna.

Foto: Thomas Brun

– Vi tilrår at ein startar ei gradvis opptrapping av oppmøte på arbeidsplassen, seier direktør for arbeidsliv i Næringslivets Hovedorganisasjon, Nina Melsom.

Det same meiner administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid. Han etterlyser klarare tale frå styresmaktene og utfordrar regjeringa på å opne for at fleire kan vera fysisk på jobb.

– Ute i våre bedrifter er mange usikre om regelverket på heimekontor og det å vera på jobb, seier han.

Nina Melsom

Direktør for arbeidsliv i Næringslivets Hovedorganisasjon, Nina Melsom, tilrår at ein nå gradvis opnar for at fleire kan vera fysisk på jobb.

Foto: Terje Bendiksby

– Bedriftene kan finne egne løysningar

NHO ønskjer nasjonale retningslinjer som opnar opp meir og oppklarer kva handlingsrom bedrifter og arbeidstakarar har. Almlid meiner bedriftene sjølv bør kunne finne gode løysningar, som for eksempel å vera på jobb annankvar dag.

– Det er ikkje mogeleg for alle bedrifter å fungera like godt med alle på heimekontor. Tvert imot; mange treng å få fleire tilsette tilbake for å koma i gang og få fart i verksemda, seier Almlid til NRK.

Han seier dette er viktig for bedriftene, men også for tilsette som vil tilbake.

– Vi må ha ei meir offensiv haldning frå styresmaktene for å få dette til. Dei seier at dei ønskjer at samfunnet skal opnast. Då må det leggjast til rette for det.

Almlid krev betre tilrettelegging frå styresmaktene for at heimekontor kan erstattast med å dra på jobben.

Ole Erik Almlid

Administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, trur vi bør vera meir fantasifulle slik at fleire kan dra tilbake på jobb.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Equinor opnar, men rådet er heimekontor

I Equinor er dei alt i gong med å føre tilbake tilsette frå heimekontor til ordinært kontor, men ikkje for alle på same tid, fortel pressetalsmann Morten Eek.

– Det handlar om kapasitet på kontora slik at ein opprettheld avstand mellom folk, og at vi har fasilitetar, kantine og parkering som gjer at vi varetar dette på ein grei måte, seier Eek.

Det gjeldande rådet frå Helsedirektoratet er framleis å leggja til rette for heimekontor. Rådet gjeld særleg i byane der reiser til jobben er det store faremomentet, seier assisterande direktør Espen Rostrup Nakstad.

Espen Rostrup Nakstad

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad, understrekar at råd om heimekontor vil gjelda lenge.

Foto: Ørn E. Borgen

– Vårt råd og ønskje om framleis å tilby heimekontor der det er mogeleg, er først og fremst for å avgrensa kontaktpunkt ute i det offentlege rom i rushtida. Så det er skilnad på tilhøva i byen og på bygda, seier Rostrup Nakstad og legger til:

– Men dette vil framleis vera viktig i byane, for dette er den største møtearenaen for personar i Noreg i dag, og der det også er størst smitterisiko.

Rostrup Nakstad understreker at råd om heimekontor vil gjelda lenge.

– Det vil det vera føringar og råd på heimekontor og kollektivreiser i ganske lang tid framover, seier han.

NHO-sjefen seier han har stor forståing for dette, men trur vi bør vera kreative og finne nye løysningar.

– Men vi ser i andre land at ein legg til rette for ein meters avstand på buss og t-bane, og at dei likevel får dette til å flyte godt. Det bør også vera mogeleg å legge opp til å dra på jobb utanfor rushtida, og å koma til jobben på andre måtar. Vi må vera litt meir fantasifulle slik at vi får fleire tilbake i jobb, seier Almlid.

AKTUELT NÅ