Hopp til innhold

NHO Transport klagar staten inn for ESA

NHO Transport klagar staten inn for EFTA sitt overvakingsorgan ESA for ulik subsidiering av rabattordningane på ekspressbussar og tog.

ekspressbusser Telemark

STRID: Bussbransjen er lei av det dei meiner er forskjellsbehandling mellom tog og buss.

Foto: Tom Andersen / NRK

– Det kan ikkje vera riktig at staten sponsar rabattar til barn, eldre og militære på tog, medan buss-selskapa sjølv må dekka inn tapet dei har på rabatterte billettar. Det seier administrerande direktør Jon Stordrange i NHO Transport.

Direktør Jon Stordrange

Administrerande direktør Jon Stordrange i NHO Transport.

Foto: Trond Stenersen / NRK

No er han lei av ulik behandling, og sakan hamnar i Brussel etter at Samfedselsdepartementet her heime ikkje gav NHO medhald.

– Dette er konkurransevridande

Får du rabatt på NSB-toget, tar staten rekninga. Får du rabatt på buss, er det buss-selskapet sjølv som tar den økonomiske støyten for at du ikkje betaler full pris. Dette er konkurransevridande, meiner NHO Transport som på vegner av buss-selskapa køyrde saka inn for Samferdselsdepartementet sist haust.

Stordrange vil ikkje talfesta kor mykje desse rabattane kosta buss-selskapa, men dei merkar det på botnlinja, seier han.

Lave marginar for ekspressbussane

– Over tid er dette ei veldig dyr løysing for ekspress-selskapa som har ganske lave marginar, og som stadig legg ned ruter fordi dei ikkje får inntening god nok til å halda oppe det tilbodet dei har.

– Vi har tatt dette opp stadig vekk, men no har vi fått god dokumentasjon på at dagens regelverk er i tråd med kollektivtransportforordningen som EU har kome med, sa Stordrange i NHO Transport til NRK i august då dei tok saka opp med departementet.

Men klaga til departementet førte ikkje fram, og NHO gjer no det dei varsla; klagar Norge inn for EFTA sitt overvåkingsorgan ESA.

Viser til Danmark

Jon Stordrange viser til nabolandet i sør der staten subsidierer breitt.

– I Danmark har dei fått til ei ordning der ekspressbuss-selskapa får refusjon frå staten for dei sosiale rabattane de tilbyr dei reisande, på lik linje med togsubsidiene. Denne likebehandlinga er i tråd med gjeldande EU-regelverk, seier han, med strek tru på at dei vinn fram når ESA behandlar saka.

Fagseksjonen i Samferdselsdepartementet har vore i kontakt med NHO Transport.

– Dei opplyser at klaga til ESA ennå ikkje er sendt. Det er vanskeleg å kommentere ei klage som ikkje er innlevert ESA. Når klaga er sendt frå NHO Transport, vil Samferdselsdepartementet vente på ESA si behandling, seier Edvard Andersen, seniorrådgjevar i Kommunikasjonsenheten i departementet.

AKTUELT NÅ