NRK Meny
Normal

Nettmøte om Bhatti-saka

I dag vart Arfan Bhatti dømt til åtte år i forvaring medan dei to medtiltalte vart frikjede.

Arfan Bhatti
Foto: NRK

Krimjournalist Heidi Hansen i NRK har følgt Bhatti-saka og svarer på spørsmål i nettmøte i dag .

Heidi Hansen
Foto: NRK

Send inn spørsmål til Heidi Hansen her

Les svarene her

Paragrafane om terror vart lagt inn i den norske straffeloven etter åtaka på World Trade Center i New York i 2001.

Nektar for terrorhandlingar

Bhatti (30) og ein 28 år gamal medtiltalt stod tiltalte for å ha avtalt åtak på den amerikanske og den israelske ambassaden i Oslo med våpen.

17. september 2006 skal Bhatti ha avfyrt minst 13 skot mot den jødiske synagogen i Bergstien i Oslo. Ein 29 år gamal ven av Bhatti har gjeve han alibi for denne kvelden, men PST hevdar at alibiet er konstruert.

Bhatti og dei to medtiltalte venene har nekta straffeskuld for terrorhandlingar. Bhatti har likevel sagt seg skuldig i å ha skote mot huset til ein finansmann med tilknyting til Thomas Øye.

Ville ha forvaring i ti år

Aktor Kristian Nicolaisen hadde på førehand lagt ned påstand om forvaring i inntil ti år for Bhatti, med ei minstetid på seks år. Ifølgje aktor er rolla til dei medtiltalte heilt underordna posisjonen til Bhatti. Statsadvokaten meinte at desse to burde få to års fengsel kvar.

LES: Krever ti års forvaring for Bhatti

John Christian Elden, som forsvarer Bhatti, meinte det ikkje fanst bevis for å kome fram til ein fellande dom for terror.

LES: - Arfan Bhatti er ingen terrorist

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger