Hopp til innhold

Nestleiar i Høgre: Slik er tidslina

Høgre seier dei ikkje påverka valet. Finnes har vore uærleg, og det er han som seier at det tek tid å hente ut historikken, seier Høgre-nestleiar Henrik Asheim.

Henrik Asheim på Politisk kvarter

Henrik Asheim var gjest i Politisk kvarter tysdag.

Foto: Christian Breidlid

I Politisk kvarter seier Henrik Asheim at både han og sentralstyret har framleis tillit til Erna som partileiar.

– Bakgrunnen for dette er først og fremst at Finnes har vore uærleg.

Det har aldri vore forbode for ektefellar å handle aksjar, og difor rokkar ikkje dette ved tilliten til Erna Solberg, seier Asheim.

– Det er politikarar sitt ansvar, men på eit eller anna tidspunkt må ein kunne stole på dei personane ein har rundt seg.

Sindre Finnes' aksjekjøp

Tidslinjen går bakover i tid.

Asheim går gjennom tidslina før Solberg la fram Finnes sine transaksjonar.

– E24 publiserte saka med lista seint onsdag kveld. Då var det partileiardebatt. Og så var det valkamp. Neste morgon såg dei på desse sakene. Då såg ein at dette var handlar der Solberg ikkje var inhabil. Men fredag fekk dei ei dårleg kjensle.

Han held fram:

– Då forstår ein at Finnes kanskje ikkje har snakka sant når han seier at han berre handla litt i denne perioden. Difor ber ein om heile lista. Solberg seier på Dagsrevyen at dette var eit omfang ho ikkje var kjent med.

Onsdag etter valet kjem E24 med nok ei sak om Finnes.

– Dagen etter kjem E24 med tilleggsspørsmål som gjer at Solberg forstår at det er meir enn det Sindre Finnes har sagt, og ber om ei full oversikt. Men også den dagen trudde ein ikkje at det dreidde seg om 3600 aksjehandlar. Og då forstår ein at her er det permar og ting som skal hentast ti år tilbake i tid.

Sjå heile Politisk kvarter her.

Kunne det vore gjort raskare?

– Det veit eg ikkje. Det kan godt hende det kunne vore gjort raskare. Finnes si forklaring er at dette tek tid.

Rødt-leiar Marie Sneve Martinussen seier at det er mogleg å få ut informasjonen raskare.

– Skulda ligg sikkert hos ektemannen. Men ansvaret ligg hos henne. Ho veit det er ein valkamp, og at saka er alvorleg for partiet. Dette sår alvorleg tvil i demokratiet om kva hensikta til Høgre ved denne handteringa av saka er.

Marie Sneve Martinussen (Rødt) på TV 2 Partilederdebatt fra MCB i Bergen

Marie Sneve Martinussen (Raudt) seier at Erna Solberg har eit ansvar om å gjere seg kjent med saka.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

På spørsmål om Høgre har påverka valet, svarar Asheim slik:

– Nei, det har vi ikkje. Vi har ikkje halde dette hemmeleg.

Tillitsbrot

Ei veke etter at Høgre blei årets valvinnar, er ikkje jubelen like stor i Høgre.

Sindre Finnes gjorde over 3600 aksjetransaksjonar då Erna Solberg var statsminister. Medan Solberg stengde landet i mars 2020, dumpa Finnes aksjar.

Økokrim vurderer om saka skal bli etterforska.

Fredag la Erna Solberg fram ei liste med aksjehandlane til Sindre Finnes dei åra ho var statsminister. Finnes gjorde nærare to transaksjonar om dagen medan han budde i statsministerbustaden.

Fleire har reagert ikkje berre på omfanget av aksjetransaksjonar, men også tidspunktet for avsløringa. Solberg heldt pressekonferanse fire dagar etter at valresultatet var klart.

Les også: Sjekk tidslinjene til Høyre og NRK – og les Finnes' svar

Kommunestyre- og fylkestingsvalg 2023. Erna Solberg og Sindre Finnes på vei for å stemme.
Kommunestyre- og fylkestingsvalg 2023. Erna Solberg og Sindre Finnes på vei for å stemme.

På pressekonferansen forklarte Erna Solberg at ho i likskap med Huitfeldt, hadde vore uvitande inhabil.

– Eg har vore inhabil i saker eg har behandla då eg var statsminister.

Solberg skildra det som eit tillitsbrot og at ho hadde blitt ført bak lyset av ektemannen.

Les også: Sindre Finnes hadde 3650 transaksjonar då Solberg var statsminister

Då Erna Solberg blei statsminister råda Statsministeren sitt kontor Finnes til å ikkje drive med kortsiktig aksjehandel. Det gjorde han likevel.

– Det har han gjort sjølv om han visste at han ikkje skulle gjere det, og han visste kvifor han ikkje skulle gjere det.

AKTUELT NÅ