Hopp til innhold

Rekordmange vil ha Erna som sjef

Tendensen held fram: Fleire og fleire vil ha Erna Solberg som statsminister i Noreg.

Statsminister Jens Stoltenberg og formann i høyre Erna Solberg

Popularitete til Jens Stoltenberg har vore jamnt fallande sidan jul.

Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

NRK.no vil kvar månad fram mot stortingsvalet i 2013 presentere eit statsministerbarometer som viser kven det norske folket vil ha som regjeringssjef.

2012 har vore eit dystert år for Jens Stoltenberg. Ikkje berre opplever Arbeidarpartiet den kraftigaste høgrebølgja sidan 1980-talet, men statsministeren må også erkjenne at han vert stadig meir upopulær som statsminister.

Ny rekord for Solberg

Han gjer eit lite byks frå den førre målinga, og får no støtte av 44,5 prosent av befolkninga. Men tendensen det siste halvåret er tydeleg. Gapet mellom Stoltenberg og Solberg er litt større enn i juli, men Erna Solberg har aldri vore så populær i år som ho er no.

Siv Jensen har heller ikkje grunn til å smile. Ho gjer ei måling som er blant dei dårlegaste i løpet av det siste halve året. No er det berre 5,6 prosent som ønskjer ho som statsminister, ned frå 8,2 prosent i juli.

Målingane er gjort for NRK av Norstat, der 981 personar er spurt i tidsrommet 31. juli til 6. august.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim, skildrar den fallande populariteten til Stoltenberg som eit paradoks.

– Erna Solberg held fram den stigande trenden me har sett i heile år. Det kan ein gjerne kalle eit paradoks. Jens Stoltenberg fekk ein ny dimensjon etter 22. juli, og han har fått mykje ros om korleis han handterte finanskrisa.

– Høgre vernar om Erna

Video Kyrre Nakkim om Trond Giske og TV2-saken

Kyrre Nakkim meiner det er eit paradoks at Stoltenberg er blitt så upopulær.

Foto: Nyhetsspiller

– Korleis har Høgre bygd opp Solberg til å bli ein sterk statsministerkandidat?

Høgre har vore veldig nøye i kva slags debattar ho har gått inn i. Ho vil ikkje duellere med kven som helst stortingsrepresentant. Ho tek roller allereie no som gjer at ho framstår som statsminister.

Som eit døme på dette trekkjer Nakkim fram at Solberg i dag er i Haugesund for å opne Sildajazzen. Ei rolle som sitjande leiarar ofte går inn i.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trass i at Framstegspartiet gjer det mykje betre på målingar enn i fjor, er ikkje Nakkim overraska over at så få ønskjer å ha ho som statsminister.

– Det er svært lite snakk om Jensen som ein truverdig statsministerkandidat. Difor ser heller ikkje veljarane på ho som eit reelt alternativ, seier Nakkim.

AKTUELT NÅ