Hopp til innhold

Nesten kvar andre nordmann fryktar flyktningar

Nesten halvparten av dei spurde meiner flyktningar og migrantar trugar Norge. Det viser ei veljarundersøking Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har gjennomført.

Flyktninger går i land i Italia

Nesten halvparten av dei spurte i ei NUPI-undersøking, fryktar innvandring skal gå ut over sikkerheita i Norge.

Foto: Antonio Parrinello / Reuters

I undersøkinga har 1001 personar svart kva farar som trugar sikkerheita i Norge. Kvar fjerde svarar at dei vurderer det sikkerheitspolitiske trugsmålet mot Norge er høg. Terror og dataåtak frå andre land kjem langt opp på lista. Men undersøkinga viser også at 44 prosent av dei spurte meiner flyktningar og migrantar i høg eller svært høg grad trugar Norge.

– Vi ser at mange seier at dei er redde for IS og terror. Dette er noko vi også ser i liknande undersøkingar i andre europeiske land. Og så er det nok mange veljarar som synest det er vanskeleg å skilje mellom flyktningar og migrantar som kjem til landet, og terror og IS, seier NUPI-direktør Ulf Sverderup.

Politiske forskjellar

Nupi-direktør Ulf Sverdrup

NUPI-direktør Ulf Sverdrup trur enkelte kan ha vanskar med å skilje mellom terror og innvandring.

Foto: Nupi

Undersøkinga viser også at det er store skilnader i veljargruppene. Det er flest Frp-veljarar som meiner flyktningar og migrantar er ein alvorleg trussel. Nesten halvparten av dei som stemmer Høgre og Senterpartiet, og 35 prosent av Arbeiderpartiveljarane meiner det same. Medan dei som stemmer Raudt og SV heller meiner nasjonalisme i Europa og USA trugar Norge.

– Undersøkinga viser at veljarane legg vekt på svært ulike ting når dei skal vurdere kva som trugar Norge i dag, seier Sverdrup.

Innvandring i valkampen

Dei siste dagane har innvandring og terror kome på dagsorden i valkampen. Torsdag sa innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug at menneskerettane til asylsøkjarar må vike for å sikre sikkerheita til nordmenn. Men dette blei avvist som aktuell politikk av statsminister Erna Solberg fredag.

Og fredag sa justisminister Per-Willy Amundsen at han ønska fortgang i terrorsikringa av folketette handlegater og hovudgater. Det skjer etter fleire terroråtak den siste tida, der terroristane køyrer bilar inn i folkemengder for å gjere skade.

– Velkjent taktikk

Magnus Takvam

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier det er ein velkjend taktikk av Frp å fremje innvandringskritiske saker i valkampen.

Foto: NRK

Politisk kommentator her i NRK, Magnus Takvam, seier dette er velkjent valkamptaktikk frå Frp.

– Dette er ein del av strategien til Frp. Dei kjem med kontroversielle forslag, får debatt, og tener på det.

Han meiner NUPI-undersøkinga i stor grad viser dei haldningane til innvandring vi kjenner frå før i partia.

– Men i enkelte parti som Arbeidarpartiet, Senterpartiet og KrF er splitta internt i partiet. Dei vegrar seg difor mot å gjere dette til ei valkampsak fordi det kan provosere fløyene i veljargruppa.

AKTUELT NÅ