Nesten ingen unge bind renta

OSLO (NRK): Berre fem prosent av folk under 40 år vel fastrente når dei tek opp bustadlån. Mange unge tenkjer ikkje eingong over at det er eit alternativ å binde renta.

Boliglån

STORE LÅN: mange unge tek opp store bustadlån no som renta er låg

Foto: Colourbox.com (Illustrasjonsbilde)

– Det er eit paradoks at det er dei eldre som oppsøkjer den tryggleiken det er å binde renta på bustadlån, seier forbrukarøkonom i Storebrand Kristina Picard.

Ho seier at det er dei unge som vil slite mest om renta skulle gå opp, dei eldre har jo gjerne ein betre økonomi og vil klare seg uansett.

Storebrand har kartlagt alle bustadlån som er innvilga i år, og kome fram til at det er store skilnadar på kven som vel fastrente og kven som vel flytande rente.

Kristina Picard

TRUR PÅ RENTEVEKST: Kristina Picard i Storebrand trur renta kjem til å stige

Foto: Bo Mathisen

Hovudtendensen er at eldre folk i mykje større grad enn yngre vel å binde renta på lånet. To tredjedelar av dei som vel flytande rente på bustadlånet sitt er under 40 år, medan berre ein tredjedel av dei som har fastrente er det.

– No er det billig å sikre seg

Picard i Storebrand tykkjer fleire unge burde sikre seg, og binde renta no når ho er låg.

– På sikt kjem renta til å gå opp, og mange unge har jo veldig mykje gjeld. For dei vil eg då tilrå å sikre seg dei trygge råmene som eit fastrentelån er. Akkurat no er det ein tryggleik som er veldig billig.

Færre unge låner over pipa
Foto: Scanpix / SCANPIX

Det er likevel ikkje alle som er samde i at fastrentelån er vegen å gå. Dei siste tjue åra har det nesten aldri løna seg å ha ei fast rente. Historia syner at dei som bind renta, som oftast tapar pengar på det.

Bankane tener derimot ofte på fastrente. Dei får jo inn meir pengar i renter når folk vel dei dyrare fastrentelåna i staden for dei billegare flytande låna.

Samstundes er renta no på eit veldig lågt nivå. Om ho skulle finne på å gå opp i framtida, meiner Picard i Storebrand at det vil løne seg å binde ho på dette historisk låge nivået.

– Det vil aldri løne seg å binde renta

Sjeføkonom i Eika Gruppen Jan L. Andreassen trur ikkje det.

– For folk flest vil det alltid løne seg å velje flytande rente. Så lenge du har jobb og ein fast inntekt, er det ingen grunn til å binde renta no.

Rentegraf

FLYTANDE LØNAR SEG: denne grafen syner utviklinga i flytande bustadlånsrente (raud linje) og 5 års fastrentelån (blå) dei siste 20 åra. Grunnlaget er snittet av eit fast utval bankar som representerer majoriteten av bankkundane. Kjelde: Storebrand/Dine Penger

Foto: Storebrand/Dine Penger

Andreassen er nemleg heilt sikker på at renta skal ned, og at ho vil halde seg nede i lang tid framover.

– Renta kjem til å gå ned, og på lang sikt kjem ho i alle fall ikkje til å vere høgare enn det ho er i dag.

Attende til normaltilstanden

Andreassen er sikker i si sak, og grunngjev det med at den økonomiske situasjonen i Noreg framover kjem til å bli likare den i våre naboland.

– Historia vil vise at den perioden vi var inne i mellom 2002 og 2014 var eit unnatak. No kjem vi til å gå inn i ei tid med aukande arbeidsløyse, og då trur eg ikkje sentralbanken har noko anna val enn å kutte i renta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger