NRK Meny
Normal

100 000 bøsseberarar klare til dyst

Nærare 100 000 personar har meldt seg som bøsseberarar for TV-aksjonen i dag. - No har vi nesten full dekning, seier innsamlingsleiar Harriet Rudd.

TV-aksjonen 2007
Foto: NRK

For TV-aksjonen "Sammen for barn" har utan tvil engasjert det norske folk. Rudd fortel at det framleis strøymer inn med bøsseberarar.

- Det har vore eit vanvittig trøkk, og no er vi nesten i mål. Vi har små hol einskilde stader, men vi er stornøgde med engasjementet folk i heile landet har vist, seier Rudd.

Manglar i Bergen 

Ho har ikkje nøyaktig oversikt over kvar desse hola er, og rådar folk til å ringe inn for å høyre om nettopp deira område manglar friviljuge.

- Eg veit vi manglar nokre i Bergen og på Karmøy, men det er vanskeleg å få full oversikt over alle småstadene rundt omkring. Det er uansett ingen stader vi manglar mykje folk.

Meir informasjon om TV-aksjonen: TV-aksjonen "Sammen for barn"

Ei krone = medisin for ein dag

Inntektene frå årets aksjon går til born som er ramma av hiv og aids i ulike delar av verda. Rutene til bøsseberarane varer frå halvannan til to timar. Rudd understrekar kva desse timane betyr for eit hiv-smitta barn.

- Ei krone gjev eit barn nok medisinar i ein dag. Summane frå kvar einskild bøsse vil sjølvsagt variere, men alt ein får inn spelar ei stor rolle for desse borna, avsluttar Rudd.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger