Hopp til innhold

Nesten dobbelt så mange koronadødsfall blant menn som blant kvinner

Ei undersøking spanske forskarar har gjort viser at langt fleire menn enn kvinner døyr av koronaviruset. Ei årsak kan vere at menn har fleire underliggjande sjukdomar.

Gregorio Maranon-sjukehuset i Madrid.

Hektisk aktivitet utanfor Gregorio Maranon-sjukehuset i den spanske hovudstaden Madrid i dag. Spania har no gått forbi Kina i talet på døde av koronaviruset.

Foto: Oscar Del Pozo / AFP

Forskarar frå Carlos IIIs medisinske institutt i Madrid har sett på 16.000 tilfelle av koronavirus, der 566 av sjukdomstilfella enda med dødsfall, 376 menn og 190 kvinner. Dette er nesten dobbelt så mange menn som kvinner.

Helsedirektør Fernando Simòn seier til den spanske avisa El Pais at det er tydeleg at sjukdomen rammar personar med underliggjande sjukdomar hardast. Han peikar på høgt blodtrykk, ulike lungesjukdomar og diabetes som dei største risikofaktorane.

– Dette er sjukdomar som normalt rammar menn hardare enn kvinner, og det kan vere årsaka den store skilnaden mellom kjønna, seier han.

Spania er eitt av landa i verda som er hardast ramma av koronaepidemien.

– Genetiske årsaker

Helsearbeidarar i Bergamo.

Helsearbeidarar i smitteverneutstyr i arbeid hos ein sjuk pasient i den norditalienske byen Bergamo.

Foto: Claudio Furlan / AP

Maria del Mar Tomas, talskvinne for SEIMC, det spanske instituttet for smittsame sjukdomar og klinisk mikrobiologi, seier at det også kan vere genetiske årsaker til at menn er hardare ramma enn kvinner. Det er også vanleg, seier ho, at menn har meir underliggjande sjukdomar enn kvinner.

Det blir også stilt spørsmål om den hormonelle ulikskapen mellom menn og kvinner, saman med ulikskapar i immunforsvaret, kan vere ei årsak, men dette er førebels berre ein teori det ikkje er forska på.

Samstundes kjem det rapportar frå Nord-Italia som viser svært mange alvorleg koronasjuke blant menneske mellom 30 og 40 år. Dette Ifølgje Paola Padrini, som er sekretær for foreininga av italienske fastlegar si avdeling i regionen Lombardia.

Mange unge vaksne

– Berre i Bergamo-distriktet er rundt 1800 personar mellom 30 og 40 år alvorleg sjuke av korona, og mange av dei har behov for respirator, seier ho til den tyske avisa Frankfurter Allgemeine Zeitung.

Ein norsk forfattar og antibiotikaekspert mistenkjer at ei årsak til at så mange har døydd av koronaviruset i Nord-Italia kan vere ein kombinasjon med resistente bakteriar .

Brneteikningar i landsbyen Vertova i Nord-Italia.

Alt kjem til å ordne seg, står det på denne barneteikninga på ein husvegg i landsbyen Vertovo utanfor Bergamo i Nord-Italia.

Foto: Miguel Medina / AFP

EUs senter for sjukdomskontroll peikar i ein rapport som vart presentert onsdag på røyking som ei årsak til at ein del menneske blir alvorleg sjuke av koronaviruset.

Rapporten peikar også på underliggjande sjukdomar som høgt blodtrykk, diabetes og lungesjukdom som viktige risikofaktorar saman med høg alder, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Og menn er meir utsette enn kvinner.

Fleire alvorleg sjuke i Europa

Det går fram av rapporten at fleire i Europa blir alvorleg sjuke av koronaviruset enn i Kina. Ei undersøking i Kina viser at 80 prosent av dei smitta berre hadde svake symptom, så viser ei liknande undersøking i EU at 70 prosent har milde symptom på sjukdom.

Byrået siterer også ei kinesisk undersøking som viser at aktive røykarar smitta av koronavirus har større sjanse for å døy enn eldre menneske med smitte, men som ikkje røykjer.

Nesten 3000 smitta

Folkehelseinstituttet (FHI) melde onsdag at det er registrert 2916 tilfelle av koronasmitte her i landet. Snittalderen på dei smitta er 47,7 år. 46,8 prosent er kvinner og 53,2 prosent er menn. Det er flest smitta i aldersgruppa 50 til 59 år.

Så blir kjønnsforskjellane store når det er snakk om dei som er innlagde på intensivavdeling. Her er 76 prosent menn og 24 prosent kvinner. Snittalderen på desse er 59 år.

Det er hittil meldt om 14 døde av koronaviruset i Noreg. Snittalderen på desse er 84 år.

I heile verda er det no nær 380.000 smittetilfelle i 186 land. Det er meldt om flest tilfelle i Kina, Spania, Italia og USA.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger