Hopp til innhold

Ven av 16-åringen: – Folk vil ikkje ha kontakt med meg

Det har sin pris å vera ven no, seier ei veninne av den fornærma 16-åringen i saka mot overgrepstiltalte Rune Øygard til NRK. Neste veke skal ho vitna mot Vågå-ordføraren.

Rettsteikning av fornærma i Øygard-saka

Den fornærma 16-åringen (teikninga) og venene hennar går på ein skule der avdelingsleiaren er ein god ven av den tiltalte Vågå-ordføraren Rune Øygard. Ei skuleveninne som skal vitna mot Øygard seier ho blir møtt med ei iskald skulder på skulen.

Foto: Teiknar: Elin Fagertun

I over eitt år har folk i lokalsamfunnet Vågå lurt på kven dei skal tru på. Denne veka starta rettssaka mot Rune Øygard, ordføraren og Arbeidarparti-politikaren som er tiltalt for fleire seksuelle overgrep mot ei no 16 år gamal jente i perioden 2009-2011.

Neste veke skal fleire av venene til den fornærma ungjenta inn i vitneboksen.

Det er vanskeleg å vera ven i ein slik situasjon, fortel ei veninne som skal vitna.

– I går braut eg heilt ihop då eg såg på nyheitene. Det er vanskeleg, seier den gråtkvalte tenåringsjenta til NRK.

– Føler meg ikkje velkomen på skulen

Rettssaka går for opne dører, og nyheitssendingar, nettaviser og papiraviser har vore tapetserte med detaljar frå det som har kome fram.

Etter å ha fulgt med på rettsaka via media denne veka, fekk veninna som skal vitna seg ein knekk. Tenåringsjenta blei kjent med fornærma sommaren før dei begynte på vidaregåande saman. I går orka ho ikkje gå på skulen, for der er det lite støtte å henta.

– Eg sit einsleg. Eg føler at eg ikkje får kontakt med dei andre fordi dei ikkje vil eg skal vera der. Eg føler meg ikkje velkomen der, seier ho.

Den unge jenta fortel at ho har vorte utstøytt fordi ho er veninna til 16-åringen som skuldar Øygarden for overgrep. Ho har valt å ta side, og det har kosta.

– Det verkar nesten som at folk er redde og ikkje vil ha kontakt med meg, seier ho.

Ven av Øygard som overordna

På den vidaregåande skulen i Ottadalen, der fornærma og veninna går, er avdelingsleiaren ein god ven av tiltalte, og ein av dei som skal vitna i saka. Det har gjort skuledagane enda meir ubehagelege for jenta.

– Avdelingsleiaren sa eg kunne stola på han innanfor skule, men at utanfor skulen var han ven av tiltalte. Då kunne han seia ting som kunne verka sårande overfor meg og tiltalte, seier veninna til den fornærma.

– Men eg turde ikkje å ikkje stola på han og gjekk i staden til kontaktlæraren min, legg ho til.

Tenåringen saknar likevel betre oppfølging frå skulen sin i Vågå i den vanskelege tida ho no er inne i.

– Det er ingen som har spurt korleis eg har det. Eg føler manglande støtte, seier jenta.

Dette har ho og foreldra teke opp med skulen. Dei har også ytra eit ønske om å få politiet eller bistandsadvokaten til den fornærma til å koma til skulen og forklara elevane kva saka gjekk ut på.

Ifølgje jenta meinte skuleleiinga at dette var ein dårleg idé, at det berre ville gjera vondt verre.

Sjølv trur ho det kunne ha letta hennar bør som veninne til den fornærma:

– Eg trur kanskje at folk hadde fått eit anna innblikk i det då.

Øygard torsdag

Overgrepstiltalte Rune Øygard (Ap) innrømmer å ha delt seng med den 16 år gamle jenta, men nektar fullstendig straffskuld i saka. AKtoratet manglar tekniske prov i saka, dermed står dei to mostridande forklaringane til dei to partane heilt sentralt.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Rektor: – Har gjort vårt beste

Avdelingsleiaren ved den vidaregåande skulen vil ikkje kommentera påstandane som kjem fram i denne saka. Han skal forklara seg i retten neste veke.

Rektor ved skulen seier til NRK at ho ikkje har kjennskap til denne enkeltsaka.

– Me har gjort vårt beste for at ingen på skulen skal oppleva ubehag i samband med denne saka. Me har også gjennomført tiltak for at elevane skal få ein så normal kvardag som mogleg, seier rektoren som ikkje vil gå inn på kva tiltak som er gjort.

Neste veke skal også den unge jenta i vitneboksen. Sjølv om ho også då vil støtta veninna si, er ikkje det ein dag ho ser fram til.

– Eg kvir meg, rett og slett. Eg veit at eg har fornærma der og advokaten hennar til å støtta meg. Men eg kvir meg mest til utspørjinga frå advokaten til tiltalte, seier ho.

Urokkeleg

Men venskapet med den fornærma i saka er urokkeleg, sjølv om det fører til mange tunge dagar.

– Det kunne kanskje vore lettare å ikkje ha støtta henne, men ein ven vender ikkje ryggen til venene sin dersom ein verkeleg bryr seg om dei. Ein må vera der for dei og støtta dei når dei har det vanskeleg, seier jenta.

– Eg kan ikkje seia at eg veit kva som er sant i denne saka, men eg har ei meining. Sanninga vil uansett komma fram, før eller sidan, avsluttar ho.

Den fornærma jenta har fortalt om seksuelle overgrep og eit kjærastforhold til den 36 år eldre mannen. Overgrepa skal ha starta i 2009, då jenta var 13 år gamal.

Mannen har vore ordførar i Vågå kommune sidan det året då jenta vart fødd. Han står fast ved at jenta lyg, og forklarer at han har vore som ein far for henne.


AKTUELT NÅ