NRK Meny
Normal

Nektar å vise kritisert avhøyr: – Dei har brukt metodar som ikkje toler dagens lys

Fem frikjente ungdommar og foreldra deira vil at NRK skal få innsyn i videoavhøyret, men no har statsadvokaten bestemt seg: Offentlegheita får ikkje sjå det.

Her avhøres barna

Den sikta 15-åringen blei avhøyrd i to timar utan foreldre og forsvarar til stades. – Han blei pressa til å tilstå, seier avhøyrsspesialist Asbjørn Rachlew.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Politiet har brukt metodar som ikkje toler dagens lys. Eg trur ein hadde blitt ganske sjokkert om ein fekk sjå korleis politiet behandla klienten min i dette avhøyret, seier advokat Inger Marie Sunde til NRK.

– Vi kan ikkje stole på at politiet og den høgare påtalemakt har lært av feila som er gjort i denne saka når dei har eit slikt ekstremt behov for å skjule dei.

Det kritiserte avhøyret blei omtalt i Brennpunkt-dokumentaren «Avhøyret» som gjekk på NRK i mars i fjor. Guten som blei avhøyrd av ein erfaren politimann på barnehuset i Stavanger i 2014, var 15 år og sikta for forsøk på valdtekt mot ein jamaldrande lagkamerat.

15-åringen blei avhøyrd i over to timar utan foreldre og utan forsvarar til stades.

NRK-advokat: – Veldig skuffande

NRK fekk først avslag om innsyn i avhøyret av Sør-Vest politidistrikt. Dette vedtaket klaga NRK på, og det tok ni månader før statsadvokatens konklusjon var klar: Avslaget blir halde ved lag.

– Det er veldig skuffande. Det verkar som at påtalemakta berre har bestemt seg for at pressa generelt ikkje skal få innsyn i straffesaksdokument, seier Anne-Hilde Storm, advokat i NRK.

– Dei vil ikkje lette på sløret og dei vil ikkje gje pressa moglegheit til å kunne vurdere dei grove feila som er gjort, seier Storm.

Ein av landets fremste avhøyrsekspertar, politioverbetjent Asbjørn Rachlew, blei utnemnt av Stavanger tingrett for å vurdere avhøyret. Han gjekk gjennom videoavhøyret og konkluderte slik:

  • Avhøyret var ulovleg
  • Avhøyret braut med menneskerettane
  • Etterforskaren skulle ha guten til å tilstå
  • Etterforskaren var villig til å bruke press og manipulasjon for å få det til

Rachlew, som har doktorgrad i justisfeil, har tidlegare samanlikna Stavanger-avhøyret med avhøyra av Brendan Dassey i Netflix-serien «Making A Murderer». Rachlew var sentral i avhøyra av Anders Behring Breivik. Han jobbar i dag i Oslo politidistrikt.

Stavanger tingrett, som frikjende alle gutane, kom også med kritikk av avhøyret. Videoavhøyret blei spelt av i retten. Politiet har tatt sjølvkritikk for måten avhøyret blei gjennomført på.

– Vi tek kritikken på alvor, og vi ser at det er stort lærepotensial i denne saka, uttalte påtaleleiar Kristin Nord-Varhaug i Sør-Vest politidistrikt i Brennpunkt-dokumentaren.

Reagerer på ordbruk

I avslaget frå statsadvokaten står det at «faren for senskader er særlig fremtredende ved seksuelle overgrep» og at innsyn i avhøyret kan «medføre skadelig gjenopplevelse av handlinger som ligger tre og et halvt år tilbake i tid.»

Inger Marie Sunde

Forsvarsadvokat Inger Marie Sunde reagerer på språkbruken frå påtalemakta. – Slik eg les avslaget er det vanskeleg å sjå at statsadvokaten vedgår at dei har gjort feil.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Desse formuleringane reagerer advokat Inger Marie Sunde på.

– Det er veldig alvorleg at statsadvokaten skriv dette. Dommarane har for det første konkludert med at min klient ikkje har vore med på noko som helst. For det andre har retten samrøystes konkludert med at ingen av dei andre gutane har gjort noko straffbart.

Ho meiner statsadvokaten har formulert seg i strid med uskuldspresumpsjonen, altså at nokon er uskuldige inntil det motsette er bevist, og at formuleringane bryt med menneskerettane.

– Slik eg les avslaget er det vanskeleg å sjå at statsadvokaten vedgår at dei har gjort feil. Dei repeterer og står fast på den verkelegheita dei hadde som utgangspunkt då dei tok ut tiltale, trass i at dommen har frifunne dei blankt.

Statsadvokaten har vist til teieplikt og personvern når han har avslått kravet om innsyn:

Publisering av forklaringene vil kunne innebære en betydelig tilleggsbelastning for fornærmede. Hensynet til offentlighet og pressens kontrollfunksjon har ikke en slik styrke i denne konkrete saken til at den kan oppveie betenkelighetene som gjør seg gjeldende ved innsyn.

Statsadvokat Folke Åmlid i avslaget

Men har ikkje statsadvokaten eit poeng når personvern er eit viktig omsyn for å nekte innsyn i avhøyret?

– Nei. Eg kan ikkje sjå at dei har gyldige argument. Alle dei fem gutane som var tiltalt i saka har gitt sitt samtykke. Påtalemakta vil for ein kvar pris halde avhøyret borte frå pressa for å skjule at politiet framleis brukar avhøyrsmetodar frå 80- og 90-talet, seier Sunde.

Alle dei fem gutane som var tiltalte i saka har fått mellom 50 og 70.000 kroner i erstatning.

Statsadvokat Folke Åmlid, som var aktor i straffesaka og som har avslått kravet om innsyn i avhøyret, har fått lese gjennom heile denne artikkelen før publisering, og såleis fått høve til å imøtegå kritikken. I ein e-post til NRK avviser han at avslaget er eit forsøk på å skjule noko:

«Politi og påtalemyndighetens taushetsplikt om noens personlige forhold legger føringer for hva det kan gis innsyn i for andre enn sakens parter. Det handler altså ikke om det forsvarer omtaler som forsøk på å skjule metoder som ikke tåler dagens lys.»

«Påtalemyndigheten skal ivareta helheten og har flere hensyn å ta enn forsvarers klientperspektiv, bl.a. også å ivareta personvernet til de som ikke har samtykket i at det gis innsyn i avhøret og sakkyndigrapporten.»

Asbjørn Rachlew

Avhøyrsspesialist Asbjørn Rachlew meiner politiet i Rogaland braut menneskerettane til 15-åringen og at dei pressa han til å tilstå.

Avhøyrsspesialist: – Eg er faktisk veldig skuffa

Avslaget til statsadvokaten i Rogaland omhandlar også Rachlew sin sakkunnige rapport som retten bestilte, i tillegg til avhøyret.

– Eg kan ikkje forstå avslaget overhovudet. Rapporten min kan anonymiserast med få tastetrykk. Eg føler at argumenta deira ikkje er gyldige. Eg er faktisk skuffa, seier Rachlew til NRK.

– Eit politiavhøyr er ikkje utan vidare offentleg, men dette er jo først og fremst av omsyn til den som blir avhøyrd. I denne saka har guten og foreldra, i tillegg til dei andre som var tiltalt, gitt sitt informerte samtykke om innsyn. Dei vil at pressa skal få sjå avhøyret, men påtalemakta nektar, seier Rachlew.

Han meiner det er ei rekkje læringsmoment i denne saka, ikkje berre for politiet og avhøyraren, men også for påtalemakta som har bevisvurdert saka. Han har tidlegare uttalt at påtalemakta manglar kompetanse i vitnepsykologi og vurdering av bevis.

– Alle seier dei vil lære av feila i denne saka, men påtalemakta nektar å vise dei fram, seier Rachlew.

– Vi kan ikkje ha eit system der ein kvar gong viser til personvern i saker som har gått gale. Det går i alle fall ikkje an i saker der personvernet kan bli varetatt ved anonymisering og samtykke, seier han vidare.

– Men er ikkje teieplikt og personvern eit legitimt argument for å nekte innsyn?

– Det må balanserast. Guten som blei avhøyrd har samtykka, fornærma er ikkje med på avhøyret. Førenamnet hans blir nemnt i avhøyret, ja – men det er ein smal teknisk sak å anonymisere. Det er berre å leggje på eit pip. Det er veldig enkelt.

Statsadvokaten som var aktor i straffesaka har i tidlegare omtale uttalt til NRK at Rachlew er «tendensiøs».

– Rapporten hans er ikkje vurdert av ein kontrollkommisjon. Det verkar som at han ikkje har hatt den kjenslemessige avstanden til oppgåva. Eg oppfattar den sakkunnige som tendensiøs. Han burde vore meir nøktern og mindre konstaterande enn han var. Men kritikken av sjølve avhøyret er vi ikkje usamde i, uttalte han i denne artikkelen i mars i fjor.

Rachlew reagerer på dette:

– Dei skuldar meg for å vere tendensiøs, men nektar å vise rapporten. Kva skal folk tru? Er rapporten min tendensiøs, eller er den ikkje? Kven har rett? Det blir det no umogleg å ta stilling til.

Brennpunkt er med inn i avhøyrsrommet når politiet i Oslo etterforskar eit nytt drap. Går drapsetterforskarane feil fram kan det øydeleggje saka. Norske avhøyrsmetodar vekkjer internasjonal merksemd, men framleis skjer det grove feil i norske avhøyrsrom.

SJÅ DOKUMENTAREN: Brennpunkt-dokumentaren «Avhøyret» ser nærare på politiavhøyret.

– Kritikkverdig

Advokat Anne-Hilde Storm i NRK har jobba med fleire saker knytt til innsyn hos politiet. I 2015 vann NRK over Riksadvokaten i Høgsterett etter å ha blitt nekta utlevering av ein overvakingsvideo som viste dødsfallet til Erik Are Stedt. Han mista livet under ein arrestasjon på Oslo legevakt.

– Det er veldig skuffande at påtalemakta ikkje ser at pressa bør få tilgang til avhøyret, og spesielt rapporten til avhøyrseksperten. Den fekk betydning for saka og utfallet, seier Storm.

Ho understrekar at NRK ikkje skal ta stilling til om dei frikjente gutane er skuldige eller ikkje.

– Vi vil belyse avhøyrssituasjonen og politiet sin framferd i avhøyret. I rapporten og i dommen blir det lagt vekt på at politiet har gjort feil. No vil det vere umogleg for pressa å gjere ei sjølvstendig vurdering, seier Storm.

Storm meiner politiet og påtalemakta må vise større openheit i saker som har gått gale.

– Kor store feil må politiet faktisk gjere for at dei skal lette på sløret? Her er det blitt gjort alvorlege feil av politiet og påtalemakta, og det er viktig at pressa får moglegheit til å utføre sin kontrollfunksjon. Riksadvokaten har til og med sagt at openheit er viktig i saker der det er gjort feil, seier Storm.

Fns spesialrapportør mot tortur har bedt Asbjørn Rachlew, som har utviklet nye avhørsmetoder for politiet, om råd.

Norske avhøyrsmetodar får internasjonal merksemd. Politioverbetjent og forskar Asbjørn Rachlew blei invitert til FN for å utvikle verdsomfattande rettleiar for å førebyggje tortur og justismord.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger