Hopp til innhold

Nektar å skrive under pensjonistoppgjeret

Alderspensjonistane får ein årleg auke i utbetalingane frå staten på 2,4 prosent. – For dei fleste betyr ikkje dette ein reallønnsauke, seier Jan Davidsen i Pensjonistforbundet.

Leiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen.

Leiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, er langt frå nøgd med oppgjeret for pensjonistane.

Foto: NRK

Grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 96.883 kroner ti 99.858 kroner frå 1. mai 2019, ein auke på 3,07 prosent. Gjennomsnittleg grunnbeløp får ein auke på 3,2 prosent, opplyser ministeren.

Alderspensjonar under utbetaling får ein auke i pensjonen på 2,3 prosent frå 1. mai, medan den årlege auken blir 3,2 prosent.

Nektar å skrive under

Leiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, seier at dei nektar å skrive under dette oppgjeret. I staden varslar han demonstrasjon framfor Stortinget. Det er mange sinte pensjonistar der ute no, seier han.

– No skal vi ikkje overdrive raseriet, men det er ingen tvil at mange er sinte. Og vi reknar med at det vil bli konsekvensar, seier Davidsen til NRK. Han er klar på at pensjonistane no vil følgje nøye med på kva parti som støttar dei.

-– Vi vil sjå på kva parti som støttar dei rettmessige krava våre. Og dei krava er ikkje noko meir enn, etter eit langt liv, å få det som andre har fått, legg pensjonistsjefen til.

Jan Davidsen meiner auken vil bli eten opp av prisveksten. Han fryktar at 2019 blir femte året på rad utan reallønnsvekst for pensjonane. Det er ikkje haldbart, meiner han.

Anniken Hauglie, Arbeids- og sosialminister

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Foto: Paal Wergeland / NRK

– No byrjar dette glaset å bli fullt. Det er heilt greitt at ein gong der framme vil pensjonistane også få ei betring i kjøpekrafta, men no har vi vore utan vekst i fem år, seier han.

– Blir høgare enn prisveksten

– Eg er glad for at det ser ut til at alderspensjonistane får ein god auke i pensjonane. Slik det ser ut, blir den årlege auken i pensjonane høgare enn prisveksten. Minstepensjonistane, dei med pensjon over minstepensjon og dei uføre, får reallønnsauke, seier Anniken Hauglie i ein kommentar.

2018 var det fjerde året på rad med svekt kjøpekraft for dei fleste pensjonistane. Grunnbeløpet i folketrygda auka berre med 3,47 prosent, noko som i snitt gav ei reallønnsnedgang på 0,2 prosent. Årsaka til at pensjonistane har sakka akterut, er regelen som vart innført i samband med pensjonsreforma i 2011.

Reforma seier at pensjonen skal regulerast i takt med lønnsveksten, minus 0,75 prosentpoeng.

– I snitt har pensjonistane tapt 30.000 kroner på denne typen reguleringsform. No ventar vi at Stortinget grip inn. Vi vil aksjonere framfor Stortinget 6. juni for å markere misnøya vår med dette oppgjeret, seier Jan Davidsen.

Debatt i Dagsnytt 18 om pensjonistoppgjeret, som vart lagt fram i dag.

Debatt i Dagsnytt 18 om pensjonistoppgjeret, som vart lagt fram i dag.

Vil ha tilbake forhandlingsretten

Davidsen seier at Pensjonistforbundet jobbar for å få tilbake den forhandlingsretten dei hadde fram til 2011. Den modellen som vore praksis sidan 2011, har vist seg å gi eit dårleg resultat for pensjonistane dei siste fem åra.

Slik han ser det vil resultatet for 2019 gi kvar pensjonist ei krone meir for dag, om dei økonomiske prognosane slår til. Dette er ikkje bra nok for norske pensjonistar, seier han.

Pensjonist-leiaren lovar at dei vil prøve å få denne saka opp på den politiske dagsorden fram mot Stortingsvalet i 2021. Senterpartiet og SV har støtta kravet om forhandlingsrett, medan Arbeidarpartiet har gått inn for drøftingsrett.

– Pensjonistane har rett til å få den same kjøpekrafts-auken som andre grupper i samfunnet. Og hugs at dette er ei stadig veksande gruppe, som også er veljarar, seier Jan Davidsen.

Pensjonistforbundet har rundt 300.000 medlemer.

AKTUELT NÅ