Nei til EU får fremme Acer-søksmål

Eit fleirtal i Høgsterett har avgjort at Nei til EU kan fremme søksmål om Stortinget sitt Acer-vedtak var gyldig. Kravet er tidlegare avvist av underrettane.

Demonstranter Høyesterett

Nei til EU aksjonerte utan for Høgsterett i januar då behandlinga av Acer-søksmålet starta.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I vedtaket slår Høgsterett fast at domstolane i prinsippet kan prøve om Stortinget gjekk fram i samsvar med Grunnlova då dei gjorde vedtaket i den såkalla Acer-saka.

Kjernen i saka er vedtaket Stortinget gjorde våren 2018 om at Noreg skulle slutte seg til EUs tredje energimarknadspakke. Vedtaket blei gjort med alminneleg fleirtal.

Nei til EU meiner vedtaket var i strid med Grunnlova. Dei meiner dette er ei overføring av makt til EU, og då trengst det tre firedels fleirtal i Stortinget.

Saka blei avvist av tingretten og lagmannsretten, men no har eit fleirtal i Høgsterett kome fram til at saka kan fremmast.

Godt nøgde

Nei til EU er særs godt nøgde med at Acer-søksmålet no kan bli prøvd for retten.

– Dette er ei historisk avgjerd som gjer det mogleg å handheve Grunnlovas vern om norsk suverenitet, seier leiar Roy Pedersen til NTB.

Roy Pedersen leder i Nei til EU

Nei til EU-leiar Roy Pedersen er glad for at fleirtalet i Høgsterett meiner Acer-søksmålet kan bli prøvd for retten.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Det var eit samla Høgsterett som behandla saka. Det enda med ein delt rett, der fleirtalet på tolv gav Nei til EU medhald i at saka kan fremmast for retten.

– Vi noterer med interesse at fleirtalet i Høgsterett nemner at EUs energibyrå Acer via Esa kan fatte vedtak som kan få noko å seie for Statnett, og at det er Efta-domstolen og ikkje norske domstolar som skal behandle og eventuelt bøtelegge ved brot på retningslinjer og pålegg, seier Pedersen til nyheitsbyrået.

Skapte debatt

Vedtaket i Stortinget skjedde etter mykje debatt og steile frontar i 2018. Det var til slutt Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne som sikra regjeringa fleirtal på Stortinget.

Men Acer skapte strid internt i Ap, der både AUF, fagrørsla og fleire fylkesparti var imot at Noreg skulle slutte seg til EUs energipakke. Dei frykta auka straumprisar og at norske arbeidsplassar skulle stå i fare.

Etter at vedtaket var gjort, blei det stilt spørsmål om det kunne vere i strid med Grunnlova. Blant dei som meinte måten dette blei gjort på kunne vere eit brot på lova, var jusprofessor Eivind Smith.

Han peika på at det var stor semje om at Noreg kunne slutte seg til energimarknaden, men at det var måten det blei gjort på som var problematisk.

– Gledeleg avgjerd

Nei til EU valde å gå til sak i 2019, men søksmålet blei avvist i Oslo tingrett. I mars i fjor blei søksmålet mot staten avvist på nytt av lagmannsretten.

Men no har fleirtalet i Høgsterett avgjort at søksmålet kan fremmast.

Stortingsrepresentant for Sp, Sigbjørn Gjelsvik synest avgjerda er gledeleg.

– Eg vil gratulera Nei til EU med ein viktig prinsipiell siger. Dette handlar jo om korvidt Noreg skal gje frå seg suverenitet til EU i nokre av dei vitale delane av norsk energi- og industripolitikk, seier Gjelsvik.

– Til etterretning

Olje- og energiminister Tina Bru (H) seier at ho tar til etterretning at fleirtalet i Høgsterett har fastslått at denne typen stortingsvedtak må kunne prøves av domstolane.

– Det Høgsterett no har avgjort er at Stortingets vedtak om tredje energimarkedspakke skal behandlast i rettsapparatet. Saka vil nå gå tilbake til Oslo tingrett. Der vil staten halde fast at stortingsvedtaket om tilslutning til EUs tredje energimarkedspakke frå mars 2018 var fullt ut i tråd med Grunnlovens krav, seier Bru.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger