Hopp til innhold

Nedtur for Sp – Ap og Høgre fram på ny måling

Arbeidarpartiet og Høgre går fram, medan Frp og Sp går tilbake. Det viser ei fersk stortingsmåling Norstat har gjort for NRK og Aftenposten.

Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Erna Solberg

Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Erna Solberg under valkampen i fjor.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Senterpartiet går mest tilbake i den ferske meiningsmålinga.

Dei går tilbake 2,4 prosentpoeng frå førre måling, og får 15,7 prosent.

Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum seier likevel dette er ei god måling for partiet.

– Vi har hatt målingar som har gått opp og ned i heile fjor haust. Men 15,7 er høgare enn det beste lokalvalet me har hatt nokon gong, som var i september, seier Vedum.

Partibarometer januar 2020

Periode 30/12–5/1. 960 intervjuer. Feilmarginer fra 1,1–3,2 pp.
R
3,6 %
−0,9
SV
7,2 %
+0,7
AP
26,1 %
+3,2
SP
15,7 %
−2,4
MDG
6,0 %
−0,4
KRF
3,6 %
+0,8
V
2,3 %
−1,2
H
22,4 %
+2,7
FRP
10,3 %
−2,2
Andre
2,8 %
−0,4
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Tallene er sammenliknet med stortingsvalgmålingen for desember. 960 intervjuer er gjennomført, hvorav 730 har oppgitt partipreferanse.

Er toppen nådd?

Senterpartiet fekk 18,1 prosent oppslutnad i Norstat si måling i desember.

– Var det toppen, går det berre nedover herfrå?

– Sp har hatt målingar i haust frå 14 talet til 20 talet. Så har det variert mellom der. Denne målinga stadfestar vårt beste lokalval nokosinne, svarar Vedum.

Også Framstegspartiet går tilbake, frå 12,5 til 10,3 prosent.

Skal vidare opp

Arbeidarpartiet går mest fram, frå 22,9 til 26,1 prosent.

Ein framgang på 3,2 prosent. Partileiar Jonas Gahr Støre er ikkje uventa nøgd.

– Dette er ein god start på året. Det er eit klart fleirtal for å skifte regjering. Det er eit mønster vi har hatt i mange månader. Men skal det skje, må me ha eit Arbeiderparti som står godt. Då er denne oppgangen eit positivt bidrag.

Støre har leia Ap sidan juni 2014 og har sett målingar langt nede på 20-talet og over 40.

Sjølv vil han ikkje talfeste eit mål for kva oppslutnad han meiner partiet bør ligge på, men seier dette:

– Når vi får drive med politikk, og ikkje andre saker som ikkje handlar om politikk, så har vi potensial langt over der vi er i dag og det skal eg strekke meg mot. Eg skal vidare opp.

Høgre fram

Også Høgre går fram på målinga – opp 2,7 prosentpoeng til 22,4 prosent.

– For Høgre er dette ein god start på det nye året. Eg trur veljarane ser at Høgre representerer trygg styring i ei uroleg tid. Vi har gode resultat med låg arbeidsløyse, og klimagassuslippa går no også nedover, seier Høgre-nestleiar og kunnskapsminister Jan Tore Sanner.

– Men det er to parti i regjering under sperregrensa, og samla ligg regjeringa lågt?

– Vi har eit felles ansvar for å styrkje alle fire regjeirngspartia. Vi har mange vitkige prosjekt innan integrering, utdanning og klima, og ikkje minst skape trygge arbeidsplassar. Eg har god tru på at alle fire parti løftar seg før neste val.

AKTUELT NÅ