Ukraina ber om hastemøte i Tryggingsrådet
Den ukrainske regjeringa ber Tryggingsrådet i FN om å kome saman for eit hastemøte om atomvåpena Russland vil utplassere i Belarus.
Det ukrainske utanriksdepartementet forventar effektive mottiltak frå Storbritannia, Kina, USA og Frankrike, melder AFP.
Samstundes kom departementet med sterk kritikk mot Putin sine planar.
– Russland har nok ein gong vist at dei ikkje evnar å ha atomvåpen for avskrekking og forhindring av krig, men at dei bruker dei som verktøy for trugslar og undertrykking, heiter det i ei fråsegn.
Søndag kalla EU sin utanrikssjef, Josep Borell, plasseringa av atomvåpen for ei uansvarleg eskalering av situasjonen, og ein trugsel mot europeisk tryggleik.
– Belarus kan framleis stogge det, det er deira val. EU står klare til å innføre ytterlegare sanksjonar, sa Borell.
Nato seier at dei fylgjer situasjonen tett, etter at Putin laurdag fortalde om avtalen med Belarus om å utplassere taktiske atomvåpen på deira jord.
– Russlands tilvising til Natos deling av atomvåpen er totalt misvisande. Nato sine allierte opptrer i fullt samsvar med deira internasjonale forpliktingar. Russland har heile tida brote sine forpliktingar når det gjeld våpenkontroll, nyleg med å droppe å delta i Ny START-avtalen, sa ein talsperson for Nato, melder Reuters.