Nedbøren held fram ut dagen – så blir det kaldt

Nedbøren held fram på Sør- og Austlandet ut dagen i dag. Komande veke blir det stabilt vintervêr, lovar statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Vogntogberging i Åmot.

Berging av utanlandsk vogntog på E134 ved Åmot i Telemark.

Foto: Luke Tennant
Bent Tanstad
Journalist

Det kraftige snøfallet i går kveld og i dag har ført til store problem i trafikken fleire stader. Utanlandske vogntog som ikkje er skodde for vinterføre har stansa trafikken fleire stader, spesielt på E134 i Telemark.

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Sør og Austlandet får nedbør ut dagen i dag, men komande veke blir det minusgrader og opphaldsvêr, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Foto: Bent Tandstad / NRK

På Sørlandet er det no over det verste , og nedbøren langs kysten kjem i stor grad som regn. Det gjer det også i kystbyane i Vestfold, medan det er snøføre lenger inn over i landet.

På Lindvik utanfor Grimstad i Aust-Agder var det registrert 64 millimeter nedbør i løpet av 24 timar. Det starta som snø, men det har no gått over til regn.

Store variasjonar

Freser snø på Norefjell

Mykje snø på Norefjell.

Foto: Helene Hillestad / NRK

Både i Asker og fleire stader i Drammensområdet har det kome opp til 40 centimeter snø, blant anna i Konnerud. I Oslo har snøfallet vore mindre intenst, medan nedbøren har vore sterkare både sør og nord for byen.

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe fortel at nedbøren vil halde fram heilt til i morgon, men då er det slutt for denne gong. Komande veke er det meldt stabilt kaldt ver, og dermed blir det mogleg å finne fram skiene mange stader.

Snøkaos på E18 i Telemark.

Trafikken stod sørover E18 ved Langangen i Telemark i ettermiddag.

Foto: Nina Eriksen / NRK

Det er store variasjonar i snømengdene frå stad til stad. På E18 sørover frå Oslo er det glatt fleire stader, og på strekninga frå Vestfold til Telemark stod trafikken i fleire timar i ettermiddag. Årsaka er trafikkuhell som følgje av køyring på sommardekk .

På sommardekk

Det har det siste døgnet vore fleire tilfelle av ulukker som følgje av bilistar som ikkje har skifta til vinterdekk, og i Buskerud var det i natt minst to tilfelle der alkoholpåverka bilistar hadde gitt seg ut på vegen på sommardekk.

Utanlandsk vogntog i Åmot i Telemark.

Dette vogntoget, som var ikkje skodd for norsk vinter, sperra vegen ved Åmot i Telemark.

Foto: Luke Tennant

I Rakkestad i Østfold rykte politiet ut i ein bil med sommardekk , og det enda med at patruljebilen måtte få hjelp av brannvesenet for å kome seg laus. Dei har ikkje noko godt svar på korleis dette kunne skje, men lovar ein intern oppvask for å hindre at slike ting skjer igjen.

Både Vegvesenet og politiet har gått ut og på det sterkaste åtvara mot å køyre bil med sommardekk der det har falle snø.

Politiet i Telemark seier ved 15-tida at det no er så glatt på vegane i fylket, at dei ber folk som ikkje må ut med bilen om å late det vere.

Laster Twitter-innhold

Oppdatert vermelding på Yr

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger