Hopp til innhold

NAV-sjef lova rask hjelp – no må han beklage

Nav-sjef lova ekspressbehandling for ofra etter trygdeskandalen. Men då Nav-klienten sin advokat tok kontakt, fekk ho beskjed om å sende eit brev i posten.

Magne Fladby, leder for innsatsteamet som jobber med EØS-sakene

Magne Fladby, leiar for innsatsteamet som jobbar med EØS-sakene skal rydde opp.

Foto: ASTRID RANDEN / NRK

På torsdag sa sjef for innsatsteamet for Eøs-saker i Nav Magne Fladby dette til NRK:

– Om folk tek kontakt med oss fordi dei er i ein vanskeleg situasjon, kan me prioritere slik at saka blir behandla på veldig kort tid, det er snakk om ein dag eller to, sa Fladby.

Han fortalde også at dei har lagt om rutinane og telefonsystemet slik at det skal bli enklare å kome fram til dei rette personane i innsatsteamet.

Hvem har trygdeskandalen rammet og hvilke feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

Kven har trygdeskandalen ramma og hvilke feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

Nav: – Opererer ikkje med e-post

Då advokat Maria Kamal i Myhre advokatfirma høyrde dette på radioen, tok ho kontakt på vegner av sin klient fredag. Men det var vanskeleg å oppnå kontakt på telefon.

Maria Kamal, advokatfullmektig

Advokatfullmektig Maria Kamal fekk beskjed frå Nav om å sende brev i posten.

Foto: Astrid Randen / NRK

– Eg ringde Nav og spurde om å kome i kontakt med nokon i innsatsteamet. Men fekk til svar at dei ikkje har noko telefonkø-system i dag, seier Kamal.

På sentralbordet hadde dei ingen dei kunne sette henne over til.

– Eg spurde om eg kunne sende ein e-post til innsatsteamet, men fekk beskjed om at Nav ikkje opererer med e-post. Dei sa dei kunne ta imot beskjed, eller at eg kunne sende eit brev i posten, seier ho.

NRK forklarer

Kva er trygdeskandalen?

Kva er trygdeskandalen?

Ei rekke nordmenn er straffa fordi dei fekk støtte frå Nav medan dei var i utlandet.

Minst 80 kan vere feildømte i retten. Rundt 4100 saker er feilbehandla. Dette er trygdeskandalen. 

Kva er trygdeskandalen?

Kven er ramma?

Dei som har fått sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar - og som reiste til andre europeiske land.

Kva er trygdeskandalen?

Kva er feilen?

Nav stilte krav om at dei som fekk slik støtte måtte opphalde seg på norsk jord. Men EØS-avtalen slår fast at alle kan bevege seg fritt.

Kva er trygdeskandalen?

Kven har gjort feil?

Mange. Nav, regjeringa, domstolane, Stortinget, politi og påtalemakt har alle hatt feil forståing av reglane. 

Kva er trygdeskandalen?

Kor lenge har det pågått?

Reglane har vore tolka feil sidan det kom eit nytt EU-regelverk i 2012. Kanskje var det gjort feil også før det.

Kva er trygdeskandalen?

Kva skjer no?

Alle sakene blir gjennomgått. Dei som er ramma ventar på å få pengane tilbake. Eit granskingsutval har undersøkt korleis det kunne skje.

Dette er trygde­skandalen

Betalingsmerknad

Saka gjeld ei kvinne som fekk krav om å betale tilbake 305.000 kroner etter å ha reist til eit EU-land medan ho tok imot arbeidsavklaringspengar. Ho skulle ha møtt i retten i vinter, men etter at trygdeskandalen blei rulla opp, blei rettssaka avlyst. Men det blei ikkje betalingsmerknaden hennar.

Med betalingsmerknad får du verken bustadlån eller kredittkort. Du kan også bli nekta å kjøpe forsikring, abonnere på mobiltelefon, breiband eller straum.

Den vaksne kvinna NRK har snakket med måtte opprette telefonabonnement i faren sitt namn. Ho får heller ikkje tatt opp lån til firmaet ho har starta.

I dag kunne NRK fortelje at det er betalingsmerknad i rundt 200 av sakene som Nav no skal behandle på nytt.

Både Nav og Skattedirektoratet har avvist det er mogleg å slette betalingsmerknadene medan dei behandlar sakene.

Beklagar

– Det er sterkt beklageleg at vedkomande blei bede om å sende eit brev. Dette skulle ikkje skjedd. Førespurnad på telefon skulle ha vore tilstrekkeleg, skriv Fladby fredag ettermiddag i ein e-post til NRK.

No har dei teke kontakt med kvinna for å orsake og seier dei startar behandlinga av saka hennar i dag. Advokatfullmektig Kamal er nøgd med at Nav no startar å behandle saka.

– Dette skjer jo etter at Nav blei kontakta av NRK. Det syns eg ikkje noko om. Kva med alle dei andre som slit med å kome i kontakt med Nav, undrar Kamal.

Ekstra innsats

No set Nav også opp farta for å få slette fleire hundre uriktige betalingsmerknader.

– Vi har allereie behandla rundt ein tredel av sakene på lista. Vi vil no auke saksbehandlingskapasiteten noko, for å kunne behandle dei resterande sakene med betalingsmerknad raskast mogleg. Truleg vil me kunne behandle sakene innan cirka to veker, opplyser Fladby til NTB.

Feil praksis av EUs trygdeforordning

Ei oversikt over brev og møter mellom Arbeids- og sosialdepartementet og Nav i forbindelse med trygdeskandalen.

AKTUELT NÅ