Hopp til innhold

Nav gir 1.5 milliardar for mykje i året

Nav gjer feilutbetalingar på mellom éin og ein og ein halv milliard kroner i året, og brukar store beløp på å kreve pengane tilbake.

NAV

KOSTAR MEIR Å KREVE INN: NAV betalar opptil ein milliard for mykje i året. Arbeids- og velferdsdirektør i Nav, Ellen Chr. Christiansen påpeikar at systemet skal fornyast.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Nav oppdagar årleg mellom 40 000 og 50 000 saker der dei har utbetalt for høge beløp. I fjor blei det brukt 135 millionar kroner på å kreve pengane tilbake, skriv Aftenposten.

Etaten meiner sjølv at mellom 60 og 120 millionar gjekk tapt i 2011, fordi sakane blei forelda. Det skjer etter tre år.

Utdaterte datasystem får skulda

Torbjørn Røe Isaksen

SLØSERI: Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner Nav sløsar med fellesskapet sine midlar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Ifølgje Nav skuldast mange feilutbetalingar gamle og utdaterte datasystem, som slit med å fange opp rette opplysningar og brukarar.

Av og til kan det også vere snakk om feilbehandling frå Nav si side, og det kan også vere snakk om trygdesvindel der brukarane oppgir uriktige opplysningar.

– Dette er openbert eit vanvittig sløseri med midlar frå fellesskapet, meiner Torbjørn Røe Isaksen, arbeidspolitisk talsmann i Høgre til Aftenposten.

Kostar å kreve tilbake

Kvar femte feilutbetaling var på under 2000 kroner, medan det i snitt kosta Nav 3000 kroner å kreve inn kvar feilutbetaling.

Arbeidsdepartementet ønskar no å heve minimumsgrensa for kor stor ei feilutbetaling må vere før Nav skal rkeve pengane tilbake, frå 430 kroner i dag til 3440 kroner.

– Vi ønskar å bruke ressursane på å kreve inn dei store sakene,seier fungerande arbeids- og velferdsdirektør i Nav, Ellen Chr. Christiansen, som påpeikar at systemet allereie er i gang med å fornyast.

AKTUELT NÅ