Hopp til innhold

Nav-direktøren meiner kritikken har gjort vondt verre: – Urimeleg

Avtroppande Nav-direktør Sigrun Vågeng meiner nokre av medieoppslaga og kritikken under koronakrisa har gjort vondt verre for organisasjonen.

Sigrun Vågeng

Avtroppande Nav-direktør, Sigrun Vågeng.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Det er nokre oppslag som har vore denne perioden, enten det er frå media eller andre som har vore ute å kommentert på løysningar frå Nav og tempo på det vi leverer, som organisasjonen finn ganske urimeleg, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng.

Ho meiner det har vore alt for mykje kritikk og feilinformasjon.

– Det fører til usikre brukarar av våre tenester, og gjer vondt verre. Og ikkje minst så verkar det demoraliserande for dei 19.000 som kvar dag arbeider, seier direktøren.

Nav-sjef Sigrun Vågeng.

Vågeng har vore mykje i media denne våren i forbindelse med trygdeskandalen og koronakrisa.

Foto: NRK

Lang saksbehandlingstid

Nav var mykje i media sitt søkelys gjennom koronakrisa grunna lange køar. På to veker gjekk Noreg frå 65.000 arbeidsledige til 291.000, og opplevde dermed å ha den høgaste arbeidsløysa sidan krigen.

Det førte til at fleire gjekk utan inntekt over lengre tid, medan dei venta på pengar dei hadde krav på frå Nav.

I eit lengre intervju med NRK fortel Vågeng at dei ikkje var førebudde på ei så stor krise.

– Vi har gode beredskapsplanar som alle andre, men det var ingen som kunne planlegge for dette, seier Vågeng og utdjupar:

– Så rekordrask nedbygging og så himmelhøge tal, det kunne vi ikkje drøyme om, seier ho, og peiker på at det har vore den største utfordringa dei har møtt i organisasjonen.

– Kan vere vi har gjort feil

Vågeng innrømmer at enkeltmenneske nok ikkje har blitt møtt godt nok, og seier at det er noko dei må gå gjennom og kjenne på.

– Det kan vere vi har gjort feil, at vi ikkje har gjort det godt nok. Det må vi jobbe med, og det må vi ha stor respekt for, seier Vågeng.

Ho meiner samstundes at den massive kritikken om at Nav er i krise ikkje stemmer.

– Da må eg sitere den påtroppande Nav-direktøren: Det er Noreg som er i krise, ikkje Nav.

– Litt spesielt

Det er litt spesielt å kritisere Nav for å vere treige i denne samanhengen, seier advokat og eigar av Advisio, Olav Lægreid.

– Dei har også lang saksbehandlingstid på ting som foreldrepengar og sjukepengar, så det er ikkje noko spesielt med akkurat den saksbehandlingstida som har vore i samband med koronakrisa.

Dei siste månadene viser at Nav er i stand til å flytte på ressursane og møte ei krise dei i utgangspunktet ikkje er rigga til, meiner Lægreid.

– Det er litt spesielt at det er dei sjuke og skada som alltid har den lengste saksbehandlingstida i systemet, seier han.

Lægreid meiner det er naturleg å trekkje ein parallell mellom trygdeskandalen og massepermitteringane denne våren.

– Men Nav-leiinga har heile tida vore opptekne av å formidle at dei har god kontroll over Nav-skandalen og handteringa av den. Og så formidlast nesten det motsette i forbindelse med korona-problematikken. Det er jo litt spesielt, seier han.

Ønskjer debatt

I august trer Vågeng av som Nav-direktør.

Ein av tinga ho ser på som ei utfordring vidare, er ungdom som ikkje fullførar vidaregåande skule.

Vågeng trur at politikarane framover vil diskutere moglegheita om å kombinere ytingar frå Nav og det å skaffe seg kompetanse gjennom studiar, og meiner nettopp den debatten er klok.

– Og eg trur, om vi raskt skal få folk tilbake i arbeid, så blir det nokon som må tenke kompetanse først, så arbeid, fortel Vågeng.

Ho peikar særleg på dei som gjennom inkluderingsdugnaden var på veg ut i velfungerande gode bedrifter med engasjerte bedriftsleiarar, som no er tilbake til start og må konkurrere med dei som aldri hadde tenkt at dei skulle stå i ein ledighetskø.

Du meiner me i større grad bør kombinere ytingar med Nav og utdanning?

– Eg høyrer og ser den debatten gå, og eg trur det er ein klok debatt, svarar Vågeng.

Utfordrande vår

Rett før korona-situasjonen var det ei anna sak som opptok Nav.

«Trygdeskandalen» viste at 80 personar kan vere uskyldig dømt for trygdesvindel på grunn av ei mistolking av regelverket.

Pressekonferanse om retten til å ta med seg trygd til andre EØS-land

Nav-direktør Sigrun Vågeng og Arbeids og sosialminister Anniken Hauglie.

Foto: Terje Pedersen

Vågeng seier det har vore viktig for ho å kartleggje kva Nav har gjort, og kva dei har gjort i samarbeid med andre.

– Når vi har meldt, så er det ein påtalemyndigheit som har tatt saka vidare. Domstolane har dømt. Politiske vedtak er fatta opp i gjennom åra, og så har dette på eit vis berre gått slik. Vi har bekrefta kvarandre litt alle saman. Og her har Nav hatt si rolle, seier ho.

Hvem har trygdeskandalen rammet og hvilke feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

Kven har trygdeskandalen råka og kva for feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

AKTUELT NÅ