Det skal vere ein namngitt person i programmet som er årsaka til å programmet vart kravd stansa. Klagaren meiner etter det Aftenposten har grunn til å tru at programmet inneheld opplysningar som kan setje vedkomande sitt liv eller helse i fare.
Kringkastingssjef John G. Bernander.
Korkje politiet eller Riksadvokaten har klaga Brennpunkt-programmet inn for retten.
Vil anke
Kringkastingssjef John G. Bernander reagerer sterkt på avgjerda i Namsretten, og seier at NRK vil bruke alle tilgjengelege rettsmidlar for å få avgjerda omgjort.
- Så vidt eg veit er dette første gongen i Noreg at retten stansar eit fjernsynsprogram. Vi meiner dette er ei feil avgjerd, seier John G. Bernander.
Han kan ikkje kommentere innhaldet i dommen, fordi retten har bestemt at alt skal vere hemmeleg.
Sensur
Generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold stiller seg undrande til avgjerda i namsretten, og kallar det ein form for sensur som vi kjenner frå totalitære regimer, og frå eit anna århundre.
Per Edgar Kokkvold er generalsekretær i Norsk Presseforbund.(Scanpix-foto)
Kokkvold meiner dommen gjer det vanskeleg å drive kritisk journalistikk, og at dette er eit fullstendig brot med redaktøransvaret som gir redaktøren fridom under ansvar.
- Det er udemokratisk, seier Per Edgar Kokkvold.
Oppsiktsvekkjande
Nils E. Øy, generalsekretær i Norsk Redaktørforening, seier det berre har skjedd to gonger tidlegare at eit fjernsynsprogram er forsøkt stansa. Begge gongane har retten avvist kravet.