Namngjev nordmenn som torturerte

I den nye boka «Statspolitiet» namngjev forfattar og NRK-journalist Eirik Veum nordmenn som var med på å avretta og torturera norske motstandsfolk under krigen. Fleire har forsøkt å stoppa boka.

I den nye boka «Statspolitiet» namngjev NRK-journalist og forfattar Eirik Veum nordmenn som var med på å avretta og torturera norske motstandsfolk under krigen. Fleire har forsøkt å stoppa boka.

Eirik Veum med ny bok om Statspolitiet

Boka «Statspolitiet» kjem ut i dag og inneheld opplysingar som aldri tidlegare har vore offentleg tilgjengelege. Forfattaren namngjev blant anna alle nordmenn som som arbeidde i Statspolitiet under Den andre verdskrigen.

Tenestemennene i denne norske politiavdelinga arresterte jødar og torturerte, mishandla og drap motstandsfolk i stort omfang.

Fleire familiar har forsøkt å stansa arbeidet med boka og utgjevinga. Tidlegare tenestemenn i statspolitiet som framleis er i live har også varsla om at dei vil prøva å hindra at boka kjem for sal, fortel Eirik Veum.

– Eg har fått til dels sterke reaksjonar på at eg har jobba med dette. Eg er førebudd på at det vil koma enda sterka reaksjonar no når boka blir gitt ut, seier han.

Den mørke sida av norsk krigshistorie

Eirik Veum

Forfattar Eirik Veum meiner det er på tide at folk får kjennskap til dei mørke sidene ved norsk krigshistorie. - Å bli dømd for eit landssvik er inga privatsak i Noreg, seier han.

Foto: Anders Brekke / NRK

Boka er den første av tre i ein planlagd serie om nordmenn i tysk teneste under Den andre verdskrigen. Ifølgje forfattaren sjølv dokumenterer boka eit hittil ukjent omfang av brutale overgrep utført av nordmenn som tenestegjorde i Statspolitiet.

72 norske polititenestemenn, som under landssviksoppgjeret blei dømde for å ha delteke i avrettingar av personar i motstandsrørsla, får namna og fødselsdatoane sine på trykk i den kontroversielle boka. I tillegg inneheld boka opplysningar om dei 956 nordmennene som på ulike måtar var tilknytta denne delen av politiet.

Veum, som til dagleg er vaktsjef og reporter i NRK Dagsrevyen, meiner dette er ein del av norsk krigshistorie som historikarane har forsømt.

– Eg meiner det er viktig å skriva dette kapitlet i krigshistoria som me veit så lite om. Norsk krigshistorie er meir enn tapper motstsandskamp, seinkinga av Blücher og patriotar som gjorde alt dei kunne for å jaga ut ein okkupant. Norsk krigshistorie handlar også om dei som valde den andre sida, og som tok i bruk alle middel for å nedkjempa den norske motstandsrørsla, slik Statspolitiet gjorde, seier Veum.

– Resten av livet mitt er øydelagt

Ein av statspolitimennene som er namngjevne i boka, og som framleis er i live, fryktar at opplysingane vil øydeleggja forholdet mellom han og familien.

– Dei veit ikkje om alt eg har vore med på, seier mannen som no er i 90-åra til Adresseavisen.

Under landssvikoppgjeret fekk han ein dom på fleire års tvangsarbeid. I etterkant har han brukt tida si på å skapa eit nytt liv for seg, kona og borna sine.

– At eg skal plagast av fortida mi 70 år etter er heilt vannvettig. Om folk eg kjenner les denne boka, tapar eg andlet. Det er langt frå alle i familien som kjenner min bakgrunn frå NS (Nasjonal Samling; journ.merk.) I dag ser folk på meg som ein hjelpsam mann. Eg har sikkert ikkje lang tid igjen, men resten av livet mitt er øydelagt om folk eg kjenner les denne boka, seier eks-Statspolitimannen til avisa.

– Landssvik er inga privatsak

Forfattaren har gått gjennom 30.000 dokument av opne kjelder frå rettsoppgjeret etter krigen. I tillegg har han brukt materiale frå private arkiv som ikkje har vore opne for allmennheita..

Forfattaren avviser at han med denne boka hengjer folk, som allereie har fått sin dom, ut til spott og spe.

– Ingen blir dømde på nytt her. Her fortel eg om noko som har skjedd. Å bli dømd for eit landssvik er inga privatsak i Noreg, argumenterer Veum.

– Eg har utelukkande teke føre meg det folk blei dømde for. Landssvikoppgjeret står framleis som eit rettferdig rettsoppgjer. Der det er strid mellom vitne og forklaringa til tenestemannen sjølv, har eg teke høgde for det i denne boka, legg han til.

Eirik Veum har tidlegare gjeve ut «De som falt», om nordmenn som vart drepne i tysk krigsteneste.

Boka "Statspolitiet" av Eirik Veum

Boka 'Statspolitiet' er basert på omfattande kjeldemateriale frå både opne og lukka arkiv.

Foto: NRK


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger