– Utviklinga er som ho har vore dei siste dagane. Det er jamn stiging når vi ser vekene under eitt, og så går det litt opp og ned frå dag til dag, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.
Det er eit høgare nivå no, enn for ei veke sidan. Nakstad fortel at vekesnittet også truleg vil hamna høgare.
Over 55.000 nordmenn har hatt koronaviruset. Frå 4. januar innførte regjeringa nye tiltak og anbefalingar. Blant anna innførte dei skjenkestopp, og kom med råd om å unngå besøk. Sjølv om det er ei stigning i smittetala, meiner Nakstad at tiltaka hjelper.
– Hadde vi ikkje hatt tiltak, hadde nok tala vore veldig mykje høgare. Det ser ut no som at det ikkje går like mykje opp som det gjorde for ei veke sidan, men at det har ikkje snudd enno.
Fleire testar seg
Nakstad presiserer at det stor skilnad mellom kommunar i Noreg. I nokre kommunar går tala opp, medan i andre kommunar går tala ned. Tala på innleggingar har også lagt stabilt.
– Dei tala vi ser no, reflekterer nok slutten av jul- og nyttårshøgtida, seier Nakstad.
Den assisterande helsedirektøren opplyser at det ikkje er naudsynt at dei utan symptom testar seg.
– Det aller viktigaste er at dei med symptom testar seg. No er det mange fleire som testar seg enn kva det var i romjula, og det er bra, seier han og legg til at det er viktig at såkalla nærkontaktar testar seg og går i karantene.
For høgt r-tal
R-talet er no 1,4. Det vil seia at kvar smitta person smittar 1,4 personar.
– I Noreg så heng dette sannsynlegvis ikkje i det heile tatt saman med den muterte virusvarianten. Uansett er det eit alt for høgt tal, då det vil føra til ein kraftig stigning veke etter veke. Det vil gje oss ein vanskeleg situasjon om det held fram, seier han.
Nakstad trur vinteren kan bli krevjande i mange land, ikkje minst i Europa. Smittetala er høge, det er eit mutert virus som byrjar å spreia seg, og helsetenesta byrjar å bli sliten.
– Men det er eit lys i tunnelen med vaksine og med lysare tider der smitten også kanskje går ned, fordi vi er meir utandørs, seier Nakstad og legg til at vi i Noreg ikkje nærmar oss eit kritisk nivå når det gjeld behandling.
– Alle som treng eit helsetilbod får det framleis, seier han.