Hopp til innhold

Nakstad om sommar og skjenking: Ikkje veldig bekymra

Trass mykje trengsel i helga ser Espen Rostrup Nakstad positivt på smitteutviklinga framover.

Pressekonferanse om koronasituasjonen

Vi har ein gunstig fallande smittetrend, ifølgje Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eg er ikkje veldig bekymra for dei aller fleste. Dei aller fleste følger rådene samvitsfullt og er veldig flinke.

Det seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i Nyheitsmorgon måndag.

Førre veke haldt gjenopninga av landet fram. Skjenkinga nasjonalt blei utvida til midnatt, og i Oslo opna blant anna treningssenter og barar for første gong på sju månader.

En servitør tapper den første pilsen på Mathallen.

Skjenking blei igjen lov i hovudstaden førre veke.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Mest bekymra for dei unge

Det har vore ein travel helg for politiet over store delar av landet. Natt til laurdag var rundt 3000 ungdommar samla i parkane i Oslo. I Sandefjord var nær 1500 på rånartreff, og i Trondheim var politiet bekymra for smittespreiing.

Nakstad seier det er russen og folk i 20-åra dei er mest bekymra for i tida framover.

– Vi skjønner at dei vil vere sosiale, og mange prøver så godt dei kan. Men det er klart det er vanskeleg å halde den meteren i alle samanhengar, held han fram.

Nakstad understrekar at det har vore smitteutbrot i dei yngre aldersgruppene fleire stader i landet, og at det òg kan skje i dei store byane.

– No ser det faktisk ut som dei fleste kommunane begynner å få kontroll på desse utbrota. Og så er det veldig fint at Oslo og Bergen ikkje har fått tilsvarande utbrot. Det er eit godt utgangspunkt.

Veldig mange samla i Nygårdsparken laurdag

Fleire hundre ungdommar var i natt samla i Nygårdsparken i Bergen sentrum natt til søndag.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fornøgd med godt vêr

Det er fallande smittetrend i Noreg no. Det siste døgnet er det registrert 169 smittetilfelle. Det er 282 færre enn førre søndag. Talet for Oslo er 24, det lågaste på ein enkelt dag sidan starten av februar.

Nakstad understrekar at færre testar seg i helgane. Det er likevel eit godt tekn.

– Det er stadig lågare helgetal, som tydar på at vi er i ein gunstig trend i stort sett heile landet, seier han.

Nakstad er tydeleg på at tala vi ser no, viser situasjonen førre helg. Det vil ta nokre dagar før vi ser konsekvensane av denne helga.

Han trur det pene vêret er bra for å hindre smittespreiing.

– Eg synest det er fint at folk er utandørs. Det er betre at folk møtast ute enn inne, seier Nakstad.

Været

Mange har trekt ut i finvêret i helga. Det er bra, meiner Nakstad.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fleire får første vaksinedose

I tida framover vil fleire få sin første dose med koronavaksine. Nakstad forklarar at kommunane har sett mange andredosar i det siste. Han meiner dette vil hjelpe mykje med å halde smitta under kontroll.

Helsearbeidere vaksineres på Ahus

Fleire får sin første vaksinedose i tida framover, ifølgje Nakstad.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Jo nærmare vi kjem juli, jo lettare ser det ut som dette faktisk kan gå, seier Nakstad.

AKTUELT NÅ