Hopp til innhold

Nærmar seg kvarandre om ferjeprisar

Finanskomiteen på Stortinget har ikkje klart å samle seg om eit ferjeprisforslag enno. Men både Sp og Ap ser positivt på dei siste ferjesignala frå FrP og trur opposisjonspartia kan bli einige over helga. Dermed kan det gå mot billegare ferjebillett.

Herøysund, Boreal ferge Søvik - skal over til Herøy

BILLEGARE? I dag kostar enkeltbilletten 207 kroner dersom du skal ta med deg personbilen frå Herøy for å reise inn til Sandnessjøen. Fleirtalet på Stortinget vil ha ned prisen på denne og andre ferjestrekningar.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Verken Ap eller Frps forslag om å redusere ferjeprisane fekk fleirtal då finanskomiteen på Stortinget behandla krisepakken fredag.

Sjølv om Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Frp den siste tida nærmast har kjempa om å vere ferjepassasjerane sin beste venn, så har ikkje tonen partia imellom vore den beste fram til no.

Politisk dragkamp

Dei tre partia har fleirtal på Stortinget til saman.

Med andre ord: Dei kan sørge for at ferjebillett-prisane går ned viss dei klarer å bli einige.

Men viljen til å stemme for forslag frå eit anna parti har så langt vore fråverande.

Det kom mellom anna fram då Senterpartiet og Frp møtte hverandre i Politisk kvarter onsdag denne veka.

Endra forslag

Frps hovudstrategi har vore å få gjennom ferjepriskutt i forhandlingane i finanskomiteen på Stortinget om nye koronakrisetiltak.

Sylvi Listhaug, FrP.

BOM PÅ SJØEN: Frps Sylvi Listhaug gjekk ut i TV 2 med forslaget om å gjere det gratis å reise med ferje.

Foto: Roar Strøm / NRK

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har meint at ferjepris-spørsmålet ikkje hadde noko i ei forhandling om koronakrisa å gjere. Heller ikkje hos regjeringa har Frp fått positive signal om å gjennomføre ferjepriskutt i koronaforhandlingane.

Men gjennom VG i går lanserte Frp eit nytt forslag om å «be regjeringa kome tilbake i revidert nasjonalbudsjett med ein forpliktande plan for nedtrapping av ferjeprisar».

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet ser positivt på det endra forslaget frå Frp.

Sigbjørn Gjelsvik

STEMMER FOR: Senterpartiets Sigbjørn Gjelsvik.

– Vi vil sjølvsagt stemme for forslag som andre parti har om dette, seier Senterpartiets Sigbjørn Gjelsvik.

– Betyr det at Senterpartiet støttar Frps siste forslag?

– Ja, vi vil både stemme for Frp sitt forslag og Arbeidarpartiet sitt forslag. Viss det er reell vilje hos partia til å få ned ferjeprisane så må ein kutte ut politisk spel. Vi vil gjere vårt for at det skal skje.

Inviterer til forhandlingar

Dei siste pandemitiltaka kjem opp til avstemning i Stortinget tysdag. Arbeidarpartiet har meint at ferjepris-spørsmålet eigentleg ikkje burde vere knytt til korona-krisehandteringa fordi partiet ønskjer eit permanent vedtak om prisendringar.

Men ved å invitere til eit forhandlingsmøte rett over helga håpar Ap at opposisjonen kan klare å finne saman om ei langsiktig løysing innan ferjepris-spørsmålet uansett kjem opp i avstemninga tysdag.

Aps nestleiar Bjørnar Skjæran meiner opposisjonen kan finne fram til ferjeprisløysing som betyr halvering av billettprisane og at staten tek rekninga.

LØYSING? Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran meiner opposisjonen kan finne fram til ferjeprisløysing som betyr halvering av billettprisane og at staten tek rekninga.

– Når tre parti i realiteten fremjar eit forslag som inneheld mykje av det same, fortener folk på kysten at vi set oss ned for å finne ei løysing. Difor inviterer vi opposisjonspartia til eit møte på mandag for å sjå om vi kan bli einige om eit fellesforslag, seier nestleiar Bjørnar Skjæran.

– Korleis ser du på å bli einige?

– Frp har justert forslaget sitt, og det liknar betydeleg meir på vårt. For oss er det heilt avgjerande at forslaget skal innehalde elementa om prisane skal halverast og staten skal ta rekninga, men elles kan vi diskutere det meste, seier Skjæran.

Senterpartiets Sigbjørn Gjelsvik seier han er positiv til å sette seg ned mandag for å prøve å bli einige.

Meir optimistisk

Også Frps finanspolitikar Hans Andreas Limi seier han er positiv til ferjeforhandlingar på mandag og seier dei har tida fram til tysdag på å finne ei ferjeløysing.

– Vi har sjølvsagt moglegheit fram til saka skal bli behandla i Stortinget, seier Limi til NRK fredag føremiddag. Han understrekar at han er blitt meir optimistisk når det gjeld å få til noko på ferjeprisane.

– Ja, eg er vel eigentleg det. Vi måtte ta til etterretning at verken Sp eller Ap ønskte å redusere ferjeprisane no. Når det ikkje får fleirtal må vi tenke alternativt. Difor har vi lagt inn eit forslag som vil ta noko lengre tid å behandle for det må via regjeringa. Men då er det mogleg for Sp og Ap å få til det dei seier dei ønskjer – nemleg å redusere ferjeprisane.

AKTUELT NÅ