Hopp til innhold

– Uhaldbart at Altinn må stenge

Altinn, som kostar ein milliard kroner, svikta igjen. Næringsminister Trond Giske seier slike svikt i systemet som Altinn har hatt i dag ikkje skal skje, uavhengig av årsak.

Trond Giske

VIL HA SVAR: Næringsminister Trond Giske ventar klare svar på kva som har skjedd.

Foto: Morten Holm / Scanpix

– Det er heilt uhaldbart at Altinn må stenge ned systema sine på den dagen alle vil sjekke selvangivelsen sin, seier næringsminister Trond Giske.

Tysdag måtte Altinn stenge etter at mange vart logga inn som ein annan person då dei skulle sjekke likninga.

– Me har hatt løpende kontakt med Brønnøysundregistrene i heile kveld, og kjem vonleg i morgon få klare svar på kva som har skjedd. Men uavhengig av årsak, så skal ikkje dette skje, seier Giske.

Kostar ein milliard

Det offentlege sin nye nettportal for elektroniske skjema, Altinn II, blei lansert i juni 2010, etter at den originale versjonen hadde vore i drift sidan 2003.

Altinn har ei totalramme på litt over 1 milliard kroner. Dette skal dekke investeringar til utvikling av den nye plattforma, samt kostnadene for å drifte Altinn i perioden frå 2008 til 2013, opplyser Nærings- og handelsdepartementet.

Også i fjor knelte systemet fordi det ikkje takla pågangen.

Altinn

PROBLEM: Det var trøbbel med Altinn i år også.

Foto: Skjermdump

AKTUELT NÅ