NRK Meny
Normal

Mystisk bag ved synagoge var ufarleg

Politiet stengde i kveld eit stort område rundt synagogen i Oslo etter funn av ein mistenkjeleg bag i området. Bombegruppa har slått fast at gjenstanden er ufarleg.

Væpna politi ved synagogen i Oslo.

Det er eit stort oppbod av væpna politi rundt den jødiske synagogen på St. Hanshaugen i Oslo i kveld.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Det evar eit stort oppbod av væpna politi med hundar i området, så det var tydeleg at politiet tok saka på alvor. Synagogen ligg i Bergstien på St. Hanshaugen i Oslo i eit område med mange bygardar og blokker.

Det var ein person som la igjen bagen og så forlèt staden. Politiet har i kveld snakka med denne personen, og innsatsleiar Torgeir Brenden seier at det var ei naturleg forklaring på kvifor bagen vart lagt der.

Ukjent innhald

Torgeir Brenden vil overfor NRK ikkje gå nærmare inn på kva innhald det var i bagen.

Bombegruppa kom til staden klokka 21.15 og dei gjekk straks i gang med å undersøkje den mystiske bagen.

Intervju med innsatsleiar Torgeir Brenden.

VIDEO: Innsatsleiar Torgeir Brenden om aksjonen.

Forstandar Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfund seier til NTB at det var ei NOKAS-vakt som varsla politiet etter å ha sett ein mann kome løpande ut ved bygningen overfor synagogen. Mannen hadde med seg ein gjenstand som han la frå seg bak synagogen, seier Kohn.

Fekk ikkje gå heim

Mange som bur i området stod lenge og venta utanfor sperringane. Politiet tok ikkje sjansen på å sleppe dei inn til husværa sine. Dei som var inne i husværa fekk ikkje gå ut.

Politiet bad om at dei som har husvære mot Bergstien at dei trekte vekk frå dei rom og vindauge som vende mot Bergstien. Det gjaldt husvære mellom Geitemyrsveien og Waldemar Thranes gate. Det var ikkje aktuelt å evakuere personar frå området.

Det var klokka 20.15 i kveld at politiet fekk melding om den mistenkjelege gjenstanden ved synagogen.

Funn av mystisk pakke ved synagogen i Oslo.

Politiet har sperra av eit større område rundt synagogen på St. Hanshaugen i Oslo i kveld.

Foto: Olav Rønneberg / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger