Hopp til innhold

Mykje bly i viltkjøt – Mattilsynet varslar strengare kontroll

Fleire prøver av kverna elgkjøt i daglegvarebutikkar og hos slaktarar inneheldt opp mot 350 gonger meir bly enn det som er vanleg for ordinært kjøt, det viser nye kontrollar som Mattilsynet har gjort.

Elg

Elgjakta er like om hjørnet, fleire kan risikere at viltkjøtet dei et er fullt av blyfragment.

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Regelverket har ei grense for bly i kjøt frå tamme husdyr på 0,1 milligram bly per kilo. Det finnast ikkje ei slik grense for bly i viltkjøt. I viltkjøtet som vart kontrollert i fjor haust, fann ein mellom 10 og 35 milligram bly per kilo.

Det er opp mot 350 gonger meir enn det som er lovleg i vanleg kjøtdeig.

Kan føre til lågare IQ hos barn

Randi Edvardsen

Randi Edvardsen i Mattilsynet åtvarar om fleire ulike risikoar ved å ete kjøt med høgt blyinnhald.

Foto: Mattilsynet

– Høge blyverdiar i blodet kan forårsake høgt blodtrykk, nyreskadar og nedsett IQ for born og foster i mors liv, seier seksjonssjef Randi Edvardsen i Mattilsynet.

– Men er det ikkje veldig små mengder som er funne?

– Alt i alt er det små mengder, ja. Men folk i Noreg generelt har sopass mykje bly i kroppen sin allereie, at alt som kjem i tillegg til det er ei ekstra påkjenning, fortel Edvardsen.

Risikoen er høg for dei som et slikt kjøt meir enn ein gong i månaden. Det viser risikovurderinga frå Vitenskapskomiteen for mattryggleik.

Slurv i oppskjæringa

Elg, hjort, rådyr, villrein og dåhjort vert skotne med rifle. Til jakt på hjortevilt skal det brukast ekspanderande kuler. Dei fleste brukar framleis blykuler.

Men etter felling er det ikkje sikkert at jegerane er like treffsikre når dei skal skjære kjøtet reint for blyrestar.

Når blykula går inn i dyret, gir den frå seg ei sky av mikroskopiske blyfragment ut i kjøtet og organa rundt sårkanalen. Den som et kjøtet vil få i seg desse blyfragmenta, dersom jegeren ikkje skjær vekk nok kjøt rundt sårkanalen.

– Er det slurv?

– Eg trur det er ein kombinasjon. Det er legitimt for verksemda å ville ta vare på så mykje kjøt som mogeleg, men det er viktig at dei er klar over at også kjøt som ser friskt ut, kan innehalde farlege blymengder, seier Edvardsen i Mattilsynet.

Strengare kontrollar

Etter det Mattilsynet kallar slurv blant jegerane, vert det no strengare kontroll av viltkjøt som skal ut i forretningane, seier Edvardsen.

– Vi skal ha dette som eit tydeleg punkt når vi har kontroll.

I Kjøtt- og Fjørfebransjens Landsforbund er ikkje sjefveterinær og ansvarleg for mat-tryggleik, Ida Mathisen, uroleg over dei høge blyverdiane i viltkjøtet.

– Først og fremst er ikkje dei verdiane som kom fram i Mattilsynet sin rapport farlege for folk å ete, for folk flest så har ikkje dette noko å seie. Men vi ønsker ikkje at det skal vere høge blyverdiar i kjøtet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT