Hopp til innhold

Muterte virus kan føre til testing på grensa i mange år framover

Mutasjonar av koronaviruset gjer at det kan ta år før vi kan reise fritt igjen, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad. Han trur vi må leve med testing på grensene i lang tid.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Vi må truleg leve med testing på grenseovergangane i mange år framover, trur assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

India var i ferd med bli friskmeldt, og på veg ut av koronapandemien. Men så kom ei ny oppblomstring med eit mutert virus i landet, som har ført til mange smitta og døde.

Situasjonen er alvorleg, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

– Når smitten aukar så raskt, så kan det doble seg på ei veke. Og når dei har eit helsevesen som har knekt saman, er det lett å forstå at dette blir vanskeleg.

Kan ta år

Den høge smitta der gjer at vi truleg vil ha høg smittespreiing i store delar av verda, med fare for nye mutasjonar.

Difor må vi truleg teste oss på grensa for å sikre oss mot muterte virus, sjølv om vi er vaksinerte, seier Nakstad.

– Vi blir nøydde til å følge med og kartlegge om slike mutasjonar kan dukke opp i Noreg i fleire år framover. Det kan ha noko å seie for vaksineeffekten.

Parasoller og turister på stranden ved Falasserna på Kreta i Hellas.

Mange nordmenn drøymer om sol og sandstrender i Syden. Men det kan ta lang tid før vi kan reise som før. Biletet er frå Kreta i Hellas.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

For mange nordmenn kjem sommaren for tidleg til å reise på utanlandsferie i år. Men mange har gleda seg til å bli vaksinert, slik at ein kan reise til varmare strok.

Men det er ikkje sikkert at dagens vaksinar beskyttar godt nok mot komande virusvariantar. Nakstad trur difor vi må vente i lang tid før vi kan reise som før.

– Fri bevegelse mellom alle landegrenser og verdsdelar utan testing og overvaking av mogleg smitte, trur eg ikkje vi vil ha på fleire år framover, seier han.

Kan bli bra norsk sommar

Men om vi kanskje må vente med å reise fritt i utlandet, kan sommaren i Noreg bli bra.

Utviklinga går rett veg. Sjølv om det er enkelte lokale utbrot, er den generelle trenden at smittetala her til lands er på veg nedover.

Nakstad seier det lovar godt for dei som skal feriere innanlands.

– Vi ser at talet på innlagde pasientar er på veg ned. Det tyder på at nedgangen i smitte er reell. Klarer vi å fortsette denne trenden, og vi får fleire vaksinerte, vil vi kunne gå inn i sommaren med ein meir normal kvardag enn det mange andre land kan gjere, seier han.

AKTUELT NÅ