Multinasjonal gigant satsar stort på gjenbruk av plast

Det multinasjonale selskapet Unilever, som står bak over 400 merkevarer innan mat og hushaldningsartiklar, lovar at all plasten selskapet brukar i 2025 skal vere anten brukt om att, gjenbruksbar eller mogleg å kompostere.

Unilever-fabrikk i Aarhus.

Unilever lovar CO₂-fri produksjon ved selskapet sin fabrikk i Aarhus i Danmark, der dei produserer emballasje til vaskemiddelet Neutral.

Foto: Jes Larsen / Jes Larsen

Dette er eit langt meir ambisiøst mål enn dei nye EU-føreskriftene, som krev at 50 prosent av plasten skal oppfylle desse krava innan 2025.

Unilever har gått gjennom ein liten revolusjon dei siste åra. Selskapet har ambisjonar om å vere 100 prosent berekraftig, klimapositiv, innan 2030. Toppsjefen Alan Jope er overtydd om at selskap som ikkje tek eit miljøansvar, vil bli hardt straffa av forbrukarane.

Alan Jope i Unilever.

Alan Jope er toppsjef i det multinasjonale selskapet Unilever.

Foto: Unilever

Han har også retta hard kritikk mot selskap som framstiller seg som miljøvenlege i marknadsføringa, men som ikkje etterlever det i praksis.

Satsar på berekraft

– Vi har per i dag 28 merkevarer som kan kallast berekraftige. Desse veks 69 prosent raskare enn dei andre merkevarene våre, og dei står for totalt 75 prosent av veksten vår, seier han til NRK. Han presiserer at dette gjeld Unilever globalt.

Marknadssjef for Norden, Richard Düring, seier at målet om ein berekraftig produksjon står i sentrum for forretningsmodellen til selskapet. Dette gjeld ikkje berre å ta ansvar for miljøet, slik som plast og produksjon, men også sosiale forhold som retten til utdanning og helse.

– Vi har framleis ein lang veg å gå, men vi er på veg i rett retning, seier han.

Unilever har blant anna ei stor satsing i Aarhus i Danmark, som produserer emballasjen til vaskemiddelet Neutral. Det var så vanskeleg å få tak i innlevert plast i Danmark at dei først måtte importere innsamla plast frå Storbritannia og Tyskland.

Richard Düring i Unilever

Norske Richard Düring er marknadssjef i Unilever i Norden.

Foto: Unilever

No samarbeider fabrikken med lokalmiljøet for å sørgje for at plast blir innlevert til gjenvinning, og som igjen kan brukast i produksjon av emballasje.

– Kjem ikkje unna plast

– Plast er ei viktig kjelde til klimautslepp og forsøpling. Det at Unilever og andre selskap satsar på resirkulerte eller fornybare råvarer, er bra. Ved å bruke gjenbruksbar plast hindrar vi klimautslepp og forsøpling. Vi kjem ikkje unna plast, men det er svært viktig at plasten vi brukar er miljøvenleg, seier Guro Hauge, fagansvarleg for bygg og materialar i Miljøstiftelsen ZERO .

Ho oppmodar styresmaktene til å gjere det lønsamt for bedriftene å bruke resirkulert plast eller fornybar plast. Det er fullt ut mogleg, meiner ho, men det er heilt naudsynt at dei styrande set i verk tiltak.

Organisk plast

Guro Hauge i Zero.

Guro Hauge er fagansvarleg for bygg og materialar i miljøorganisasjonen Zero.

Foto: Zero

Ho viser til eit finsk selskap som i dag kan levere fornybar plast laga av trevirke, og det ser også ut til at det kjem eit stort resirkuleringsanlegg for plast på Austlandet som kan levere råvare til den norske marknaden.

– I dag er det eit krav om at 30 prosent av plastemballasjen skal materialgjenvinnast, men det ikkje eit tilsvarande krav for nye produkt. Det betyr at vi samlar inn plast, men at plasten ikkje blir brukt her i landet. Det må bli lønsamt å bruke resirkulert plast i nye produkt. Vi bør ha eit krav om at det skal vere minst 30 prosent fornybar eller resirkulert plast i ny plastemballasje, seier Hauge til NRK.

Ho er klar på at det er teknisk mogleg, og at det også er mogleg å gjere det lønsamt for næringslivet å satse på fornybar plast.

Olje i plastprodukt

– Vi har i dag avgift på bruk av fossil olje i drivstoff, men ikkje på olje brukt i plastprodukt. Styresmaktene må gjere det lønsamt å bruke miljøvenlege produkt. Til dømes er avgiftssystemet på drikkevareemballasje fullstendig utdatert. Det bør vere redusert avgift for dei som nyttar fornybar eller resirkulert plast, og dette har miljøvernministeren sitt parti Venstre til og med jobba for i Stortinget, seier Guro Hauge.

Ho viser til at folk flest er opptekne av plastforsøpling, og at drikkevareprodusentane sjølve ynskjer endring i avgiftssystemet.

Komplisert prosess

Ola Elvestuen

Regjeringa gjer mykje for å handtere plastavfallet betre, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Klima og miljøminister Ola Elvestuen (V) stadfestar overfor NRK at han foreslo avgift på fossil plast då han var på Stortinget, men at gjennomføringa viste seg å vere meir komplisert enn han trudde.

– No jobbar eg for å få ned bruken av plast. Vi må handtere plastavfallet betre, og vi må finne gode alternativ til plast. Regjeringa gjer mykje på dette området, blant anna ved at bransjen er pålagt å sørgje for innsamling og materialgjenvinning i store delar av emballasjeplasten, seier han.

Klimaministeren fortel at det vil kome eit forbod mot fleire typar eingongsplast før neste sommar, og at det er sett ned ei arbeidsgruppe med næringslivet, arbeidstakar- og miljøorganisasjonar som skal sjå på korleis det er mogleg å avgrense bruken av andre typar eingongsplast.

– Vi jobbar også med ein strategi for sirkulær økonomi, og i samband med det vil vi også vurdere kva avgifter som er naudsynte for å nå måla, avsluttar Elvestuen.

Grønt Punkt

Arve Martinsen, pressekontakt i Grønt Punkt Norge.

Arve Martinsen i Grønt Punkt Norge meiner det er viktig at store selskap vil satse på fornybar plast.

Foto: Grønt Punkt Norge

Arne Martinsen jobbar med kommunikasjon i organisasjonen Grønt Punkt Norge, som gjennom prosjektet Plastløftet arbeider for å få ned bruken av ikkje gjenbruksbar plast her i landet. Han opplever at mange bedrifter har eit reelt ynskje om å bruke mindre forureinande plast.

– Vi samarbeider med mange store selskap, som Unilever, Orkla, Ringnes og Tine, om å få ned bruken av ikkje gjenbruksbar plast. Eg opplever at forbrukarane ser på det som eit konkurransefortrinn at det blir brukt gjenbruksbar plast, og det er stor interesse for det også i næringslivet, seier Arve Martinsen til NRK.

Han vedgår likevel at dei ikkje har kome langt nok i arbeidet, men at det går rette vegen.

EU-målet for materialgjenvinning av all plastemballasje er 50 prosent innan 2025 og 55 prosent innan 2030.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen

SISTE NYTT

Siste meldinger