Hopp til innhold

Muhammed-teikningar i Norge

Ei rekke Muhammed-teikningar av den svenske kunstnaren Lars Vilks, karikaturer av same type som skapte sterke reaksjoner då dei blei publisert i den danske avisa Jyllandsposten for to år siden, har sidan tidleg i mai vore stilt ut i Vestfossen Kunstlaboratorium utanfor Drammen. Islamsk Råd blei varsla, men reagerte ikkje.

Demonstranter brant det norske flagget i protest mot publiseringen av Muhammed-karikaturene.

Publiseringa av Muhammed-teikningar i Norge vekte sterke reaksjoner ute i verda.

Foto: STR / EPA

- Det er ikkje dei same teikningane som blei trykt i Jyllandsposten, men det er karikaturteikningar, ja. Det seier kunstnar og dagleg leiar for Kunstlaboratoriet på Vestfossen, Morten Viskum.

- Og du er ikkje redd for represaliar eller reaksjoner etter det som skjedde i vinter?

- Nei, fordi desse bileta blir stilt ut i ein heilt spesiell samanheng under tittelen ”Oh my God”. Vi sendte eit brev til Islamsk Råd, men høyrde aldri noko frå dei, seier Viskum.

Ikkje skjult noko

”Arbeida viser korleis kunstnarar på svært ulikt vis behandlar spørsmål om tru og tvil, fridom og ansvar. Uttrykka spenner frå det aktuelle og politiske til det tidlause og poetiske - for ikkje å seie det aktuelle og poetiske”, heiter det i presentasjonen av ”Oh my God” på www.vestfossen.com.

- Har de prøvd å halda det mest spektakulære av utstillinga skjult?

- Nei, ler Viskum. – Vi har korkje fronta desse teikningane spesielt eller prøvd å halda dei skjult. Vi hadde pressevisning og kven som helst kan koma og sjå dei. Vi tok det opp i styret i kunstlaboratoriet og blei samde om at desse teikningane skulle setjast opp.

Utvalgt av 50

Og det er ikke Viskum sjølv som har stått for utvalet.

- Vi inviterte femti kunstsamlarar, kunstkritikarar og kunstkommentatorar til å velja ut bilete til utstillinga ”Oh my God”, og då fekk vi et svært breidt utval med verk frå omlag 40 kunstnarar, mellom andre dei norske målarane Franz Widerberg og Harald Sohlberg.

- Nokon har altså vald Harald Sohlbergs ”Natt” der motivet er kyrkja på Røros (1904), andre tok ”Oh my God” heilt bokstaveleg og andre igjen gjekk til karikaturer, seier Viskum.

Ut september

Utstillinga ”Oh my God” i Vestfossen Kunstlaboratorium er open ut september.

Islamsk Råd vil ikkje kommentera saka.

Svenske styresmakter tilbakeviser orsaking

Svenske styresmakter har igjen måtta tilbakevise at dei har orsaka at svenske medier trykte den omstridte teikninga av Muhammed som hund.

Onsdag hevda Den islamske konferanseorganisasjonen (OIC), som samlar 57 muslimske land, at den svenske ambassadøren i Saudi-Arabia, Jan Thesleff, har gjeve si djupaste orsaking for kontroversen som vart skapt ved den sårande publiseringa. Svensk UD måtte difor nok ein gong gå ut med ei presisering om at Sverige berre orsakar at nokon muslimer føler seg såra. Sjølve publiseringa av teikninga vil dei ikkje orsaka.

HØYR SVERIGES RADIOS REPORTER

Se Vestfossens hjemmeside

 

AKTUELT NÅ