Hopp til innhold

Motvind for Dei grøne før valet i Canada

Klima er ein av dei viktigaste sakene før valet i Canada på måndag, men partiet Dei grøne ligg an til å gjere eit dårleg val.

Partileder Annamie Paul

Partileiar Annamie Paul kjempar for å bryte gjennom og få eit sete i nasjonalforsamlinga i Toronto.

Foto: Justin Tang / AFP

Partiet Dei grøne kom inn i Canada si nasjonalforsamling for ti år sidan, og ved valet for to år sidan nådde dei 6,5 prosent.

No har det snudd, og partiet kjempar for å behalde dei to representantane sine.

Meiningsmålingane viser at partiet ligg på rundt 3 prosent, medan det konservative og det liberale partiet ligg langt framfor på rundt 32 prosent.

Hastevalet vart utløyst fordi statsminister Justin Trudeau, frå dei liberale, bad om nyval i august i håpet om å få til ei fleirtalsregjering.

Konkurranse om klimasaka

Sjølv om målingane seier at klima er ei av dei viktigaste sakene for veljarane, kjempar Dei grøne no ein kamp for å vise at partiet kan overleve, seier Daniel Beland, professor ved McGill-universitetet i Montreal.

– Dei må vise at dei er eit alternativ for dei som trur på kampen mot klimaendringane, seier han.

Partiet har fått konkurranse frå dei større partia, som har lansert sine eigne klimaløysingar.

– Dei grøne har mista monopolet dei hadde på klimasaka. Det er blitt ein populær sak for alle partia i Canada, seier Beland.

Fleire peikar på at Dei grøne blir for smale når dei berre har eigarskap til ein sak.

– Eg skulle ynske at dei braut ut av det og utvida seg til andre området, seier Nancy Powell, ein tidlegare Dei grøne-veljar i Vancouver.

Kjempar for å behalde setene

Partileiar Annamie Paul kjempar for å bryte gjennom i Toronto. Der har ho tapt kampen om eit sete i nasjonalforsamlinga to gongar tidlegare.

Partiet håpar også å behalde seta sine frå Vancouver, i British Columbia. Staden som har vore ramma av brann og ei historisk hetebølgje, som tok livet av fleire hundre personar i sommar.

Tidlegare partileiar, Elizabeth May ligg an til å behalde plassen sin, medan partiet sin andre representant, Paul Manly, møter hard motstand i sitt distrikt.

Ville trekke seg

Ikkje berre slit partiet på meiningsmålingane og i nasjonalforsamlinga, men leiaren har også ved fleire høve tenkt på å trekke seg det siste halvåret, ifølgje CBC.

Green Party leader Annamie Paul launches their federal election campaign in Toronto

Partileiar Annamie Paul ville trekke seg.

Foto: Chris Helgren / Reuters

Til nyheitsnettstaden seier Paul at situasjonen i partiet har vore vanskeleg etter at eitt tidlegare parlamentsmedlem gjekk over til det liberale partiet.

– Å gå inn i dette valet utan ein leiar ville vore skadeleg, seier ho.

Paul vil vurdere si eiga framtida i partiet, men det blir ikkje før etter valet neste veke.

– Eg vil at kandidatane våre skal ha ein god sjanse, og eg vil ikkje gjere noko som kan skade det.

SISTE NYTT

Siste nytt