Hopp til innhold

Møtt av diaré og blod på danskebåt-lugaren

Skitne lugarar og manglande smitteverntiltak møtte passasjerane på DFDS Seaways frå Oslo til København. – Det var ikkje trygt og godt i det heile tatt å vere der, seier Anita Olsen.

Golvet og dusjen i ein lugar på danskebåten DFDS Pearl som ikkje er vaska.

«BLOD OG DRIT»: Når dei gjekk inn på lugaren sin fant Anita og Geert Olsen blod og diaré i dusjen og på golvet.

Foto: Anita Olsen

– Vi kom til danskebåten, glade og forventingsfulle, og får beskjed om at romma som skulle vere klare til 12 er klare klokka halv tre. Når vi kjem inn på rommet er det diaré og blod i dusjen og på golvet. Det var ikkje vassglas, handklea var fuktige og det var bæsj på sengetøyet, fortel Anita Olsen.

Ho og mannen Geert Olsen frå Knapstad i Viken reiste med DFDS Pearl Seaways til København. Dei var i resepsjonen for å klage, og fekk beskjed om at nokon skulle ordne rommet deira.

Når dei kom tilbake til rommet hadde nokon dratt ein klut over dusjen og golvet, utan vatn eller såpe. Olsen vaska over golvet sjølv med eit handkle.

Lakenet på senga på danskebåten DFDS Pearl med møkkete flekkar.

UHYGIENISK: Anita Olsen måtte sjølv vaske over dusjen i lugaren på danskebåten.

Foto: Anita Olsen

– Vi har gått med sko heile tida og eg var livredd for å sove i senga fordi den var møkkete, seier ho.

Fekk ikkje mat

Grunna koronakrisa har DFDS eit avgrensa serveringstilbod. To småbarnsfamiliar som ønsker å vere anonyme fekk ikkje bord før kvart over ni.

– Det var det einaste dei hadde ledig. Det var heller ikkje nok bord til alle, vi møtte eit par som ikkje fekk bord i det heile tatt, seier mora som reiste med to barn på 3 og 8 år.

Eit bord på dekk på danskebåten DFDS Pearl som ikkje er vaska.

MØKKETE: Passasjerane på DFDS Pearl Seaways opplevde at båten var dårleg vaska.

Foto: Anita Olsen

Ekteparet Olsen torde ikkje ete i restauranten fordi gjestane sat for tett.

– Det var det minste rommet eg nokon gong har sett. Dei store romma du kan sitte og ete var stengt. Dei var kasta inn i et lite rom kor folk sat tett i tett. Det var møkk og skit overalt og det var ingen som brydde seg, fortel Olsen.

Følte seg utrygg

På DFDS si nettside står det at dei regelmessig reingjer alle berøringsflater og har skjerpa reingjeringsprosedyrar i alle lugarar. Det opplevde ikkje ekteparet Olsen.

– Eg såg ikkje eit menneske som rydda eller ordna nokon ting. Dei var berre der for å ta imot klagar. Det var ille, seier Anita Olsen.

Lakenet på senga på danskebåten DFDS Pearl med møkkete flekkar.

LIVREDD: Anita og Geert Olsen vaska lugaren sin med Antibac. Anita seier ho var livredd for å ligge i senga fordi lakenet var skittent.

Foto: Anita Olsen

Ho beskriv mannskapet som slitne og synest ikkje dei tok tak i klagane frå gjestane. Det gjorde at stemninga på båten blei dårleg, og passasjerane var sinte og sure. Småbarnsfamiliane synest turen var stressande og at det var alt for få tilsette på jobb.

– Dei har restriksjonar dei må ta omsyn til med tanke på korona, men det var skittent der om det ikkje hadde vore korona. Eg ville reagert uansett, men det er ekstra viktig no. Dei må ha fleire tilsette, seier småbarnsmora.

Danskebåten DFDS Pearl Seaways ligger til kai på Vippetangen i Oslo

LITE MANNSKAP: Danskebåten DFDS Pearl Seaways sleit med å ivareta passasjerane på turen som følge av for lite mannskap på jobb, seier direktør for DFDS sine passasjerruter, Kasper Moos.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

I ein e-post til NRK skriv Kasper Moos, direktør for DFDS sine passasjerruter:

«Etterspurnaden på reiser etter gjenopninga har komme mykje raskare enn vi hadde forventa. Vi ser for tida mange nye bestillingar med svært lite tid til avreise, og vi må erkjenne at vi på nokon område ikkje har klart å tilpasse mengd tilsette til den raskt skiftande etterspurnaden. Dette har blant anna betydd auka ventetider i kundeservicen vår og om bord i restaurantane, og sjølv om dei gjeldande koronahygiene-reglene er følgt, vil vi også veldig gjerne ha gjort enda meir for å imøtekomme våre gjesters ønsker om ekstra reingjering. Vi er veldig triste for å høyre at nokon gjester har hatt ei dårleg oppleving på turen, og vi er veldig lei oss. Vi er nå i full gang med å tilpasse oss den store etterspurnaden, og meir mannskap vil vere om bord i løpet av nokre dagar.»

AKTUELT NÅ