Hopp til innhold

Mortensrud-drapet: To menn på rømmen – etterlyst for drapet

Hamse Hashi Adan vart skoten og drepen på Mortensrud i Oslo 7. oktober. No er to menn sikta for drapet på tjueåringen.

Hamse Hashi Adan

DØYDDE: Hamse Hashi Adan vart skoten 7. oktober og døydde dagen etter av skadane han vart påført.

Foto: Privat

Oslo politidistrikt har etter vel to vekers intensiv etterforsking i dag pågripen ein mann sikta for medverknad til drapet på 20 år gamle Adan. To andre er sikta for sjølve drapshandlinga.

– Dei er på rømmen og er etterlyst internasjonalt, seier politiadvokat Børge Enoksen til NRK i kveld.

Ein annan mann blei pågripen fredag, sikta for medverknad til drap. Han blir framstilt for fengsling i Oslo tingrett måndag.

– Han har samarbeida med politiet, men han erkjenner ikkje straffskuld, seier Enoksen.

Mortensrud-drapet

POLITIADVOKAT: Børge Enoksen møtte pressa fredag kveld.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Grundig etterforsking

– Politiet gjer fortløpande vurderingar av om personane skal etterlysast offentleg. Vi oppmodar dei aktuelle personane om å melde seg til politiet, seier politiadvokat Børge Enoksen om dei to som er sikta for drap.

Han fortel at politiet har brukt store ressursar på å etterforske denne saka dei siste to vekene og rosar samarbeidet med folk som bur på Mortensrud.

– Vi har fått mykje god informasjon og gode bidrag frå lokalbefolkninga, seier Enoksen.

Mannen som er sikta for medverknad har fått oppnevnt Hanne Pentzen som forsvarar. Ho stadfestar at han ikkje er kjenner straffskuld.

Politiet jobbet utover natt til fredag på Mortensrud

ÅSTADEN: Tidlegare i oktober vart ein 20 år gammal mann skote og drepne utanfor Lofsrud skule på Mortensrud.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Familien er knust

Adan blei skoten utanfor Lofsrud skole, der fleire ungdomar var samla.

John Christian Elden sa til NRK for nokre dagar sidan at familien kjenner det meiningslaust at deira son blei skoten og drepen.

– Familien er heilt knust over tapet, og forstår ikkje kvifor han blei skoten, sa Elden.

14. oktober blei han han ført til siste kvilestaden på Alfaset gravlund.

Store politistyrker er på plass ved Mortensrud i Oslo natt til fredag.

OMFATTANDE ETTERFORSKING: Politiet etterforskar framleis drapet på Hamse Hashi Adan. Ingen er arresterte.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

AKTUELT NÅ