Hopp til innhold

– Han var som ein bestefar eg alltid hadde ønskt meg

Fotograf Morten Krogvold hugsar «Kjakan» som ein audmjuk og snill mann då dei arbeidde saman. Men Krogvold fekk eit høfleg men bestemt nei då han spurte om Sønsteby kunne ta av seg slipset sitt.

Gunnar Sønsteby og Morten Krogvold

I portrettserien av Sønsteby tok Morten Krogvold han med til Vemork kraftstasjon i Rjukan, bygda der «Kjakan» vaks opp.

Foto: NRK

Den kjende fotografen Morten Krogvold arbeidde i mange år tett saman med Gunnar Sønsteby, som i dag gjekk bort. Både gjennom fotoprosjekt og eit portrettintervju som gjekk på NRK i 2008.

På telefon med NRK.no frå Roma har han har berre lovord å seie om «Kjakan».

– Ein leken mann

Krogvold fortel at møtet med Sønsteby forandra inntrykket han hadde hatt av han tidlegare. Først og fremst var det humoren og audmjukskapen som gjorde inntrykk.

– Eg opplevde han først og fremst som ein utruleg snill mann. Han var ein svært audmjuk person som trudde på demokratiet og var villig til å gi sitt liv for å behalde det politiske systemet som vernar om mannen i gata.

– Kva var det med Gunnar som gjorde størst inntrykk på deg?

– Han var veldig leken, og veldig forskjellig frå den som folk oppfattar han som. Han hadde ein utruleg god og varm humor.

– Eg har aldri sjølv opplevd mine besteforeldre, så eg hugsar eg tenkte «han der skulle ha vore bestefaren min».

– Ingen hemntankar

Medan Noreg etter krigen gjorde ein del feilsteg i oppgjeret med tyskarane, var Sønsteby alltid oppteken av å tilgi.

– I 1945 så rulla han ned gardinen og hadde ingenting hat mot tyskarane. Ingen hemntankar. Han hadde ingen skuldingar mot det tyske folk, berre mot nazistane, fortel Krogvold.

Den norske sopranen Kirsten Flagstad vart trakassert i mange år i Noreg fordi mannen hennar hadde vore medlem av NS. Sønsteby engasjerte seg i saka hennar.

– Han gjekk med ein gong ut og forsvarte ho. Han begynte også å hjelpe tyskartøser og arbeidde for at dei skulle få økonomisk støtte.

Då Krogvold spurte han om kva han tenka om Vidkun Quisling var det heller ikkje noko spor av hat å finne.

– Han sa at han berre synast synd på han. Gunnar hadde ingen hemntankar, han trudde på tilgiving.

(artikkelen held fram under biletet)

Gunnar «Kjakan» Sønsteby

Her er eitt av portretta Morten Krogvold tok av Gunnar Sønsteby under innspelinga av portrettsierien.

Foto: Morten Krogvold

Gjekk med slips kvar dag

Krogvold fortel om ein episode då han skulle fotografere Sønsteby. For å få litt variasjon i motiva spurde han Sønsteby om han kunne ta av seg slipset. Men «Kjakan», som vanlegvis stilte seg positiv til det meste, måtte her seie høfleg nei.

– Det er umogleg, eg går alltid i slips, svarte Sønsteby.

Det viste seg nemleg at Sønsteby i 40 år hadde gått med slips kvar einaste dag. Sjølv om han arbeidde i hagen, var på hytta eller gjekk på tur i fjellet, så var slipset alltid ein følgjesvein.

Draumeforhold

Gunnar Sønsteby gifta seg med kona Anne-Karin i 1945. Ho var hans store kjærleik. Han fortalte Krogvold om den romantiske måten han fridde til ho: «kan du gifte deg med meg, for det må du gjere».

– Gunnar og kona hadde eit slikt forhold som me alle draumar om å oppleve, seier Krogvold.

I alle dei 67 åra dei har vore gift skal dei ha sagt at dei elskar kvarandre – kvar einaste dag.

– Slappa nok av

I motsetnad til mange andre så peiker Krogvold på at Sønsteby fekk den anerkjenninga han forten.

– Gunnar hadde eit utruleg rikt liv, og han fekk til dei grader den anerkjenninga han fortener. Eg trur han anda ut med eit sakn til kona og familien sin, men at han slappar av med tanken om at han har levd eit så rikt liv som ein mann kan leve.

AKTUELT NÅ