NRK Meny
Normal

– Det er i mørket at mørke handlingar skjer

I Stavanger har meir lys vore eitt av suksesstiltaka som i fjor fekk talet på overfallsvaldtekter ned i null. I valdtektsverstingen Oslo er mange parkar og sentrumsområde mørklagde når kvelden kjem.

Video Mørke parkar i valdtektshovudstaden

KLIKK FOR VIDEO: Det blir mørkt i mange parkar og smug i Oslo når kvelden kjem. Stortingsrepresentant Jette Christensen etterlyser meir lys og kritiserer lokalpolitikarane for manglande strakstiltak mot overfallsvaldtekter.

Stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap)

Stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap).

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Allereie i 18-tida på kvelden har mørket senka seg over Slottsparken i Oslo, der ei kvinne blei overfallen og valdteken av to menn førre helg.

Hittil i år er det registrert 48 overfallsvaldtekter i Oslo - dobbelt så mange som i fjor på same tid.

– Valdtekter skjer på stader der det er lagt til rette for at slike overgrep kan skje: på mørke, bortgøymde stader med mykje buskar og kratt, seier Stortingsrepresentant og Arbeidarparti-politikar Jette Christensen.

– Lokalpolitikarane i Oslo har ikkje gjort nokon ting sidan valdtekta sist helg. At ein ikkje tek affære når ein har fått så mange tilfelle, er veldig alvorleg, legg Christensen til.

Lovar lys innan 2014

Medan Oslo har hatt ei dobling av overfallsvaldtekter hittil i år samanlikna med i fjor, har Stavanger svært lovande tal å visa til.

Betre belysning er eitt av fleire tiltak som frå 2009 til 2010 fekk talet på politimelde overfallsvaldtekter ned frå 23 til null i oljebyen på Vestlandet.

Oslo kommune seier dei vil ta lærdom av Stavanger og skal innføra ein belysningsplan.

«God lyssetting er tryggleiksskapande tiltak, og byrådet vil sørgja for betre belysning av gater, vegar, offentlege plassar og byrom», heiter det i ei byrådserklæring som blei lagd fram onsdag.

Byrådet kan likevel ikkje lova at belysningsplanen er gjennomførd før i 2014.

(Saka held fram under biletet)

Parklys utan lys

Mangel på lyktestolpar og sløkte lyspærer helsar valdtektsmenn velkomen i mange av parkane i Oslo, meiner stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap).

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

– Lyspærer er ikkje nok

Stian Berger Røsland (H)

Byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland (H).

Foto: Simon Skjelbostad Yset / NRK

– Det er ikkje godt nok. Valdtektene skjer i dag og kan skje i morgon. Det handlar om enkle tiltak som lokalpolitikarane må prioritera. Til dømes å få opp gatelys og ikkje minst å skifta lyspærer i dei gatelysa som ikkje verkar i dag, seier stortingsrepresentant Christensen.

– Det er i mørket at mørke handlingar skjer, poengterer ho.

Byrådsleiaren i Oslo, Stian Berger Røsland (H), er samd i at belysning er eit viktig tiltak mot overfallsvaldtekter, og seier det er gjort mange spanande grep i Stavanger, som Oslo no vil sjå på for å snu den drastiske valdtektsauken.

Røsland meiner likevel det finst andre tiltak som er langt meir effektive mot den dystre valdtektsstatistikken i hovudstaden.

– At fleire lyspærer gjev færre valdtekter er ei altfor enkel framstilling av valdtektsproblematikken. Lyspærer og lyssetting er viktig, men det aller beste førebyggjande tiltaket er fleire politifolk og fleire pågripingar, seier Røsland.

Tryggare med lys og politi

Også i Sofienbergparken og andre parkar på Grünerløkka i Oslo skjer det mange valdtekter. Etter ei valdtekt i april blei det skipa til ei aksjonsvandring på Grünerløkka, og blant anna partiet Venstre har teke til orde for betre belysning i og rundt parkområda i den valdtektsutsette bydelen.

Sjølv om Slottsparken er ein av dei parkane i Oslo som er mest opplyst, er det også her dunkelt under store tre og langs smale stiar. Mange brukar snarvegen gjennom Slottsparken når dei skal spasera til og frå sentrum.

Hilde Cathrine Brenne Og Lise-Marie Hoel

Hilde Cathrine Brenne Og Lise-Marie Hoel meiner meir lys og synleg politi må til for at dei skal kjenna seg trygge i Oslo sentrum på nattetid.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Blant dei som hastar forbi i haustmørket onsdag kveld, er 18-åringane Hilde Cathrine Brenne og Lise-Marie Hoel. Ingen av dei to venninnene ville ha gått gjennom Slottsparken åleine i måneskinet.

– Nei, ikkje heilt åleine. Det er litt for mørkt, og ein ser ikkje gjennom skogen, seier Brenne.

– Også blir ein jo prega av alt ein har høyrt om valdtektene som skjer her, skyt Hoel inn.

Ho er klar på kva som må til for at ho skal føla seg tryggare på nattetid i Oslo sentrum:

– Om det var meir lys ville eg ikkje ha kjend meg så åleine og usedd som eg kjenner meg no. I tillegg må ein få på plass meir politi og natteravnar, seier Hoel.

Lysare - men ikkje flaumlys

Byrådsleiar Røsland lovar også betring i løpet av kort tid i områda der det skjer flest valdtekter.

Ifølgje Høgre-politikaren er det sett av åtte millionar kroner i ekstraordinære midlar for å betra framdriften på lys-planane.

– Langs Akerselva og i nokre parkar er det opplagt eit behov for å få på plass nye lys og for å skru opp lysstyrken på det lyset som allereie er der, seier Røsland.

– Men me kjem ikkje til å setja flaumlyset på heile Oslo by. Det trur eg ikkje det er nokon som ønskjer, legg han til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger