NRK Meny
Normal

Mor bortførte born etter barnevernsvedtak

Då Fylkesnemnda i Trøndelag vedtok å plassere borna i fosterheim, tok den etnisk norske mora med seg borna ut av landet. I heimbyen sit ein far som ikkje anar korleis det går med borna. I dag er 77 norske barn etterlyst internasjonalt, ifølgje ferske tal frå Kripos.

Anonym far

Far fortvilar etter at mor unndrog seg eit vedtak frå barnevernet og bortførte borna.

Foto: Ola Hana / NRK

– Det er heilt forferdeleg. Eg går og tenker på det heile tida. Det er fint lite eg kan gjere.

Det fortel ein fortvila far i Trøndelag til NRK. Det er gått år sidan sist han såg borna sine. Berre få dagar etter at Fylkesnemnda i Trøndelag vedtok at borna skulle plasserast i fosterheim, unndrog mor seg vedtaket og reiste utanlands med borna.

«Etter fylkesnemndas vurdering er det en klar risiko for at barna vil lide alvorlig overlast om de ikke tas ut av hjemmet raskt. Det å utsette omsorgsovertakelse vil i seg sjølv vere et overgrep mot barna.»

Samværsordninga mellom mor og far fungerte ikkje. Konfliktnivået var uhaldbart og skadeleg for borna. Det slo fylkesnemnda i fast i fjor.

Bortført i over eit år

– Dei kan ikkje gå på skule. Dei er fråtekne alt av venner og slekt på begge sider. Dei er i ein fluktsituasjon. Dei blir haldne der ulovleg. Då kan dei ikkje ha eit normalt liv, seier far.

Han veit ingenting om korleis borna har det eller nøyaktig kvar dei er. Han veit at borna skal i fosterheim om dei nokon gong kjem heim til Norge. Leik og samvær med han ligg langt fram i tid. Men det stoppar han ikkje frå å vere svært uroleg for borna sitt ve og vel.

No bur dei hundrevis av mil unna nærmiljøet sitt. I eit land dei frå før ikkje hadde tilknyting til. Det er ikkje mogleg for borna å gå på skule, sidan pass er inndregne og visum er utgått. I staden hevdar mor dei får heimeundervisning.

Korleis kan du forsvare at du har bortført borna dine frå omgivnadene sine?

– Det var akkurat det barnevernet skulle gjere. Dei skulle ta borna bort frå alt dei har opplevd som trygt og godt. Bort frå ein god heim, gode vener, skulemiljøet sitt og fritidsaktivitetar. Eg kunne ikkje stå på sidelinja å sjå på, seier mor på telefon til NRK.

Rettferdiggjer det å bortføre borna?

– Eg har aldri sett på dette som å bortføre borna. Eg måtte gjere det som trengst for å redde dei, seier ho.

Sikta for grov omsorgsunndraging

Fylkesnemnda har fråteke mora den daglege omsorga for borna. I tillegg er ho sikta for grov omsorgsunndraging, med strafferamme på opptil seks år.

Politiadvokat Kari Bjørsnøs

Politiadvokat i Trøndelag politidistrik, Kari Bjørsnøs, fortel at mor til borna er sikta for grov omsorgsunndraging.

Foto: Ola Hana / NRK

– Politiet vurderer denne straffesaka som eit alvorleg straffbart forhold. Det er snakk om born som har vore bortførte frå barnevernet i meir enn eit år.

Det fortel politiadvokat i Trøndelag politidistrik, Kari Bjørsnøs. Medan tida går, har ikkje politiet lukkast med å lokalisere familien.

– Eg skal ikkje legge skjul på at dette er ei vanskeleg sak. Det som er særleg utfordrande, er at borna oppheld seg i eit land som Norge ikkje har avtale med. Verken når det gjeld barnebortføring eller utlevering av lovbrytarar, seier Bjørsnøs.

Mange norske born blir førte ut av landet. Ferske tal frå Kripos viser at akkurat no er 77 born etterlyste internasjonalt. Alle sakene dreier seg om barnebortføring og er frå dei siste 17 åra.

Styresmaktene fører ikkje statistikk på kor mange av desse borna som blir ført tilbake til Norge. Verken Justisdepartementet eller Utanriksdepartementet vil stille til intervju. Dei vil ikkje svare på kva dei gjer for dei borna vi omtalar og dei vil ikkje svare på kva dei gjer for norske born som er etterlyste generelt.

Barnevernet er sjakk matt

Hilde Vikan, kommunalsjef i Trondheim kommune

Barnevernet i Trondheim kommune er sett sjakk matt. Kommunalsjef for barne- og familietenesta i Trondheim kommune, Hilde Vikan, innrømmer at dei ikkje veit korleis dei to bortførte borna har det.

Foto: Ola Hana / NRK

Borna frå Trøndelag skulle no ha vore i fosterheim og under Trondheim kommune si omsorg. Men barnevernet i kommunen kan ikkje gjere noko for dei.

Veit de noko om korleis dei har det?

– Det veit vi veldig lite om, dessverre, seier Hilde Vikan, kommunalsjef for barne- og familietenesta i Trondheim kommune.

Går dei på skule? Har dei det bra?

– Det veit vi dessverre heller ikkje noko om, seier Vikan.

Borna står midt mellom to foreldre med ulike versjonar av røynda. Barnevernet, som skulle hatt omsorga, er sett sjakk matt. Styresmaktene tryglar mor om å komme frivillig heim til Norge.

Gløymer borna

Marco Elsafadi brenn for born sine rettar og reiser land og strand rundt for å halde foredrag til lærar og foreldre om konfliktløysing. Han kjenner mange barnebortføringssaker frå ein programserie han leia på TV 2.

Marco Elsafadi

Marco Elsafadi brenn for born sine rettar. Han påpeiker at borna som blir bortført står i ekstreme konfliktar.

Foto: Ola Hana / NRK

– Vi har gode nok verkemiddel på papiret. Og så må vi praktisere dei betre. Vi må bruke det lovverket som vi er einige om betre i praksis, meiner Elsafadi.

Han fryktar at både foreldre og styresmakter gløymer borna i bortføringssakene. Han påpeiker at born skjønnar at noko er alvorleg gale når dei plutseleg ikkje lenger har kontakt med ein av foreldra sine, som dei kanskje har lyst å ha kontakt med. I tillegg kjem belastninga det er å slå røter i eit nytt land

– Born er ekstremt tilpassingsdyktige så eg skal vere forsiktig med å seie kor traumatisk det er, men der det er konflikt mellom foreldra, der vil det alltid oppstå konflikt i barnet. Dette er ganske ekstreme konfliktar som born må leve med resten av livet, seier Elsafadi.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger