NRK Meny
Normal

Mogleg drap og sjølvdrap i Oslo

To personar er funne døde i Oslo. Politiet etterforskar saka som eit mogleg drap og sjølvdrap. Dei døde er eit norsk sambuarpar i 40-åra.

To personer funnet døde i Oslo, opplyste politioverbetjent Grete Lien Metlid på en pressekonferanse i Oslo søndag kveld.

Politioverbetjent Grete Lien Metlid opplyste på ein pressekonferanse at dei etterforskar dødsfalla som eit mogleg drap og sjølvdrap. Foto: Jonas Sætre/NRK

– To personar er funne døde på ei adresse i Oslo. Politiet blei varsla litt over klokka 12.30 og har sidan arbeidd med saka, sa politioverbetjent Grete Lien Metlid under ein pressekonferanse som starta på Oslo politihus klokka 21.

Etterforskar mogleg drap og sjølvdrap

– Vi etterforskar saka som eit mogleg drap og sjølvdrap, seier Metlid, som leier seksjonen for valds- og seksuallovbrot i Oslo politidistrikt.

Ulvøya

Politiet held vakt ved ein eigedom i Oslo etter at to personar blei funne døde søndag.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Ifølgje henne blei politiet kontakta av familien, etter at dei ikkje hadde fått kontakt med personane på fleire dagar.

– Då vi kom til adressa, fann vi først éin person død. Etter litt vidare undersøkingar fann vi ytterlegare éin person på staden, opplyser Metlid.

Dei døde var sambuarar

Sidan teknikarar og taktikarar kom til staden, har ein arbeidd med å kunne fastslå identiteten til dei døde og få varsla pårørande.

Det er eit norsk sambuarpar i 40-åra som er funne døde. Dei er ikkje kjende for politiet frå før.

Det skal ikkje vere noko som tyder på at fleire er involverte.

– Vi kan ikkje seie kor lenge dei har vore døde, men det har vore nokre dagar sidan familien hadde kontakt med paret, ifølgje Metlid.

Går ikkje ut med adressa

Politet seier ikkje kvar i Oslo dei døde er funne, men ifølgje VG har politiet arbeidd ved eit bustadhus på Ulvøya sidan i føremiddag. Ulvøya er ei lita øy i Oslofjorden, med eksklusive bustadområde og villastrok.

Folk i nærområdet skal ha sett ein død person bli frakta vekk frå huset. Naboar som snakka med paret onsdag denne veka seier dei planla å vere heime i helga.

VG skriv elles at dei døde skal vere funne nær bustaden.

To personar blei funne døde i Oslo søndag.

Eit sambuarpar blei i dag funne døde på ei adresse i Oslo.

Foto: Daniel Dale Laabak

Dei døde blir obduserte i morgon

Metlid seier ikkje noko om dødsårsak eller korleis det såg ut i bustaden då politiet kom fram.

–Informasjon på staden gjer at vi forstår at det kan vere ei kriminalsak, seier ho.

Politiet er forsiktige med detaljar om funn og observasjonar i saka av omsyn til den vidare etterforskinga. Saman med kriminalteknikarar arbeidde dei på staden langt utover søndag kveld.

I morgon skal dei døde obduserast. Dei fleste pårørande skal vere varsla.



Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger