Hopp til innhold

Mistenkjer ulovleg eksport av bilar, bleier og tørrfisk

Sju kontrolletatar gjekk til ein samordna aksjon mot fem adresser på Alnabru i Oslo i dag. Minst tre personar er arresterte, opplyser politi og tollvesen, som mistenkjer blant anna omfattande skattejuks.

Aksjon på Alnabru.

Aksjonen på Alnabru i dag retta seg mot eit miljø som omset store mengder bilar, blant anna blir bilane selde til Nigeria.

Foto: NRK

Tolldirektør Bjørn Røse opplyser til NRK at aksjonen i dag, som var eit samarbeid mellom Tollvesenet, to avdelingar i politiet, tre avdelingar i Skatteetaten, Kemneren i Oslo og fleire andre kommunar, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet.

Tollaksjon på Alnabru.

Denne bilen er fullasta med bleier. Det er mistanke om at denne og mange andre bilar skulle til Nigeria.

Foto: Tollvesenet

Aksjonen retta seg mot eit i hovudsak nigeriansk miljø.

Bilar og tørrfisk

– Aksjonen spring ut av Tollvesenet sitt arbeid med bilavgifter. Dette er eit miljø som omset store mengder bilar kontant, og ein del av desse bilane blir sende til Afrika. Bilane blir stappa fulle av tørrfisk, og tørrfisk er ei vare med høg verdi pr. vekteining der. Omsetninga og profitten blir aldri rapportert til styresmaktene, seier Bjørn Røse.

Bleier er eit anna produkt politiet meiner blir putta inn i bilane som skal seljast til utlandet.

Miljøet det vart aksjonert mot i dag er primært utanlandsk, spesielt nigeriansk, opplyser tolldirektøren.

Det dei primært har gjort i dag, seier Røse, er å sikre bevismateriale. Det er snakk om datamaskinar, diverse dokument, pengar og mobiltelefonar.

Intervju med Røse

VIDEO: Sjå intervjuet med tolldirektør Bjørn Røse.

Skattesvikt og valutasmugling

– No skal vi analysere dette materialet, og det vil ta tid. Vi har mistanke om skattesvik, valutasmugling, brot på tollova og brot på utlendingslova. Vi meiner at fleire lover er brotne i denne saka, legg han til.

Røse fortel at minst ein av dei arresterte er mistenkt for brot på utlendingslova.

Han opplyser at dei hadde ein liknande aksjon for eit og eit halvt år sidan, og at det då vart avslørt lovbrot for fleire titals millionar kroner. Han reknar med at det blir naudsynt med fleire slike aksjonar framover.

Aksjon på Alnabru i Oslo.

Det vart aksjonert mot ei tomt fullt av eldre bilar, som politiet og Tollvesenet mistenkjer skulle seljast til Nigeria.

Foto: NRK

– Samarbeid på sitt beste

Tolldirektøren meiner aksjonen i dag er eit godt eksempel på tverretatleg samarbeid på sitt beste.

Det var ved 12-tida i dag at 50 tenestemenn frå sju kontrolletatar gjekk til samtidig aksjon mot fem adresser på Alnabru i Oslo. Det var Tollvesenet som tok initiativ til aksjonen.

Razzia mot Nigeria-eksport

AKTUELT NÅ