Hopp til innhold

Henriette skulle berre bade – mista nesten foten

Varme somrar kan føre til fleire alvorlege infeksjonar etter bading. I fjor var Henriette Berle Broch i ferd med å miste foten etter at ho fekk eit kutt under ein dukkert i sjøen.

Henriette Berle Broch før kuttet

NYT SOMMAREN: Her ligg Henriette på brygga i juli fjor. Like etter dette biletet er tatt, hoppar ho i vatnet og får kuttet som nesten skal koste ho foten.

Foto: privat

Det er ein varm julidag. Henriette Berle Broch ligg på brygga og solar seg. Ho bestemmer seg for å kjøle seg ned, og hoppar i sjøen.

Det skal vise seg å bli eit skjebnesvangert bad.

I vatnet kjem Henriette borti ein kjetting med skarpe skjel som er festa til brygga, og ho får eit kutt i foten.

Kjetting i vatnet

LETT Å KUTTE SEG: Brygga er festa med kjetting. Skarpe kantar, skjel, steinar og østers er noko av det ein kan kutte seg på i sjøen.

– Det var ingenting som tilsa at det skulle vere spesielt alvorleg. Det var berre eit vanleg kutt som ein får i sjøen, eit lite uhell, fortel ho.

Kuttet Henriette Berle Broch fekk då ho bada ein varm sommardag i 2019

KUTT: Henriette har stripsa kuttet ho fekk i sjøen. Seinare i saka kan du sjå korleis såret utviklar seg.

Foto: privat

Ho skyl foten i saltvatn, slik ho har lært i barndomen, og prøvar å reinse og stripse kuttet sjølv.

Etter kvart blir såret til Henriette vondare og vondare, og foten hovnar opp.

Kuttet skal nesten koste ho foten.

Sjå korleis foten såg ut etter den alvorlege infeksjonen lenger nede i saka. NB! Sterke bilete.

Kjøtetande bakterie

Henriette får kuttet i foten fredag ettermiddag. Søndag blir ho send til hasteoperasjon på sjukehuset.

Henriette Berle Broch

ALVORLEG INFEKSJON: Henriette Berle Broch var nære på å måtte amputere foten etter at ho kutta seg i foten under eit bad i sjøen i fjor sommar.

– Det burde kanskje ringt nokre bjøller tidlegare, men ein vil jo ikkje forstyrre med noko som ikkje er så alvorleg.

Men alvorleg er nettopp det kuttet i foten viser seg å vere. Ho har fått ein infeksjon med kjøtetande bakteriar.

Legane fortel at dei kanskje må amputere foten. Dersom bakterien spreier seg kan ho døy.

Foten til Henriette Berle Broch før og etter

FØR OG ETTER: På biletet til venstre har Henriette allereie teke fleire operasjonar etter at kjøtetande bakteriar angreip foten hennar. Biletet til høgre viser korleis foten ser ut i dag, eitt år etter.

– Det var veldig nære på. Får du kjøtetande bakteriar i blodet står det om livet. Eg hadde to eller tre operasjonar første døgnet, og då sa dei til meg at dei kanskje måtte ta foten min som livreddande tiltak.

Låg risiko i sommar

Det finst fleire typar kjøtetande bakteriar som kan føre til infeksjon. Nokre av dei, vibrio og shewanella, finst i sjøen, og dei trivst ekstra godt når det er varmt i vatnet.

Desse bakteriane er mest vanlege i tropiske strøk, men dei er òg å finne langs kysten i Sør-Noreg.

Så langt i sommar er risikoen for infeksjon låg og avgrensa til Oslofjordområdet og ned langs Østfold-og Vestfoldkysten, fortel Line Ødegård Angeloff i Folkehelseinstituttet.

Kart over risiko for kjøtetande bakterie

LÅG RISIKO I ÅR: FHI brukar ECDC-kartet til å følgje med på kvar det er risiko for infeksjon ved bading. Låg temperatur i sjøen i sommar gjer at det er liten risiko no. Dess raudare farge på kartet, dess større risiko for alvorleg infeksjon.

Det er rapportert i overkant av 50 milde infeksjonar, men ingen alvorlege tilfelle i Noreg denne sommaren.

Fleire infeksjonar ved varmare somrar

I fjor var det derimot to alvorlege tilfelle, og sommaren 2018 fekk åtte personar alvorleg vibrio- og shewanellainfeksjon etter bading i Oslofjorden.

Etter «ekstremsommaren» 2018 starta FHI eit forskingsprosjekt for å undersøkje om slike vibrio- og shewanellainfeksjonar aukar med klimaendringane.

Line Ødegård Angeloff

FORSKINGSPROSJEKT: Line Ødegård Angeloff i Folkehelseinstituttet

Foto: Folkehelseinstituttet

– Førebelse resultat viser at talet på sjukdomstilfelle har auka på spesielt varme somrar. Rapporterte tilfelle i 2018 var nesten tre gongar så mange som gjennomsnittet av tidlegare år, forklarar Angeloff i FHI.

Prosjektet viser òg at risikoen for å utvikle ein alvorleg infeksjon aukar med alderen, og han er høgst for personar over 65 år.

– Kjempeheldig

Henriette får ikkje påvist vibrio eller shewanella, men diverse andre bakteriar som legane meiner ho fekk i sjøen. Ho får også påvist streptokokk A.

Etter sju veker på sjukehus, over ti operasjonar og hudtransplantasjon, får Henriette forlate sjukehuset med foten i behald.

– Eg er så imponert over legane på Bærum sjukehus. Dei redda livet mitt – i alle fall foten!

Henriette Berle Broch på sjukehuset

Henriette Berle Broch måtte operere ti gongar etter at ho fekk ein alvorleg infeksjon i såret ho fekk då ho bada i fjor.

Foten til Henriette Berle Broch etter hudtransplantasjon

Etter fleire operasjonar byrjar såret til Henriette å sjå betre ut. Her har legane transplantert hud frå låret hennar til foten.

Henriette Berle Broch på sjukehuset

Operasjonane var vellukka, og Henriette fekk behalde foten.

Henriette Berle Broch etter operasjon for kjøtetande bakterie

Her får Henriette trekkje frisk luft utanfor sjukehuset for første gong etter ho fekk den alvorlege infeksjonen. – Eg var temmeleg takknemleg då, seier ho.

Eg var superheldig som fekk bakteriar som responderer på antibiotika, fortel Henriette, som er uroa for det aukande problemet med antibiotikaresistens i verda.

– Kontakt lege

Tilbake på brygga, eitt år seinare, går Henriette lett og ledig på foten. Når ho tar av skoen kan ein likevel sjå tydelege spor etter den farlege infeksjonen.

Henriette Berle Broch på brygga

EITT ÅR ETTER: Henriette Berle Broch hadde flaks, og berre eit arr på foten vitnar om dei dramatiske vekene i fjor sommar. Å bade på brygga freistar likevel ikkje i år.

Ho vil ikkje råde folk frå å bade, men minner om at ein må vere merksame og ta forholdsreglar.

– For meg er det viktig å fortelje historia mi for at folk skal ta infeksjonar alvorleg og ta kontakt med legevakt umiddelbart om dei opplever smerter som ikkje samsvarar med skaden, for det kan stå om livet.

AKTUELT NÅ