Hopp til innhold

Minst 570 nordmenn reiser til Qatar: – Vi har fått blanda reaksjonar

Bjørn Roger Skomsøy og Rune Strøm Hultgreen er to av minst 570 nordmenn som reiser til Qatar med VM-billettar.

Bjørn Roger Skomsøy og Rune Hultgreen

Kompisane Bjørn Roger Skomsøy (f.v.) og Rune Strøm Hultgreen skal reise til Qatar-VM. Dei har både fått positive og negative reaksjonar av familie og venner.

Det er nemleg talet som så langt har kjøpt kampbillettar, opplyser VM-komiteen til NRK.

Venneparet Skomsøy og Hultgreen er klare for å ta turen ned til Qatar neste veke. To søner av Skomsøy blir også med.

– Vi har fått blanda reaksjonar av familie og venner, seier kompisane.

– Det finnast dei som synast det er heilt fantastisk at vi dreg, men også dei som seier at vi støttar regimet. Det gjer vi ikkje, seier Skomsøy.

– Forferdeleg

Skomsøy seier at han reiser for å støtte spelarane som har jobba hardt for å vere der, og for å oppleve folkelivet med supporterar som har reist for å støtte laga sine.

Det er i dei diskusjonane, fortel Hultgreen, at han blir møtt med respekt av dei som misliker at han skal til Qatar.

– Eg er samd i argumenta deira og synest sjølv at det som har gått føre seg i kulissane, er forferdeleg. Verken korrupsjonsskandalen, situasjonen med migrantarbeidarane eller deira syn på kvinner og LHBT+-personar, står i stil med verdiane mine.

Hultgreen seier at han reiser fordi han er glad i fotball. Han gler også seg til å oppleve litt av Midtausten. Og det blir artig å oppleve VM på nært hald saman med ein kompis han har kjent i over 20 år, trur han.

– Korleis blir det å sitje på eit stadion som du veit er bygd av arbeidarar som kanskje døydde medan dei var på jobb?

– Det er ikkje ein kjekk tanke. Eg har ikkje reflektert mykje over det. Samtidig veit eg ikkje fakta i saka. Men det er sjølvsagt forferdeleg, seier Hultgreen.

– Det er forferdeleg trist at folk har mista livet på grunn av eit land sine ambisjonar om å ha eit VM. Full sympati for pårørande deira, seier Skomsøy.

Ifølgje Amnesty døydde 15.000 utanlandske statsborgarar i Qatar frå 2010 til og med 2019. Det er omdiskutert kor mange dødsfall som er direkte knytt til VM-arbeid, mellom anna på grunn av ukjende dødsårsaker, ifølgje faktisk.no. Qatar meiner det berre er tre migrantarbeidarar som har omkomme i arbeidsulykker på VM-stadion.

Qatar

Migrantarbeidarar på Lusail stadion. Biletet er frå november 2021.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

– Unngå «usømmeleg» åtferd

Utanriksdepartementet åtvarar nordmenn som reiser til Qatar om at dei kan bli arresterte om dei utviser «usømmeleg» åtferd.

I ein eigen reiseinformasjon kjem UD med klare råd og åtvaringar, mellom anna:

  • LHBTI-personar som er kjende i offentlegheita risikerer å bli arrestert og sikta også for andre former for lovbrot, eksempelvis åtferd som lokalt blir karakterisert som usømmeleg.
  • Det er forbode å bu saman med eller dele hotellrom med ein person av motsett kjønn dersom ein ikkje er gift eller har nær slektskap til vedkommande. Ein risikerer bot, fengselsstraff og/eller utvising.
  • Det er ulovleg med alkohol, og det er nulltoleranse for narkotika. Berre på bestemde stader kan ein nyte alkohol.
  • Unngå trengsel og store folkemengder i den grad det er mogleg.

Utanriksminister Anniken Huitfeldts (Ap) beste råd er å registrere seg i appen Reiseklar.

– Vi kjem til å ha ein representant for utanriksdepartementet til stades. Vi kan ikkje hjelpe med alt, men vi kan hjelpe dersom det skulle bli problem, seier ho til NRK.

Kva system har de på plass viss ein nordmann blir arrestert i Qatar?

– Det er viktig at det blir reaksjonar, men eg må sjå an kvart enkelt tilfelle og kva som er mest formålstenleg. Som sagt kan vi ikkje hjelpe med alt, men vi skal gjere så godt vi kan.

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt seier representanten til UD oppheld seg i Abu Dhabi. Dersom det skjer noko med ein nordmann i Qatar, skal representanten bli beden om å dra til Doha.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Tek forholdsreglar

Med tanke på tryggleik har Bjørn Roger Skomsøy mest tenkt på å halde seg unna folkemengder.

– Når mange folk er samla på éin stad, må ein vere litt på vakt. Ein veit ikkje når det kan bli fare for terror, seier Skomsøy.

Vennen Runes største bekymring er ikkje terror, men uro mellom supporterar og styresmaktene. Han seier han skal passe på å ikkje provosere eller uttrykkje sterke meiningar.

– Eg har tenkt å respektere Qatar og ta omsyn til reglane som er der sjølv om eg er usamd i dei, seier Hultgreen.

Av andre forholdsreglar skal han ikkje drikke øl utanfor fansona. Her kan du drikke maksimalt fire einingar per kamp.

– Eg skal ikkje gå rundt og konsumere alkohol som ein elles skulle gjort, seier Hultgreen.

Kompisparet dreg frå Noreg om vel ei veke. Først landar dei i Dubai. Derfrå skal dei køyre bil til Qatar.

Det gjer dei fordi det er billigare, men også for å oppleve vegen i den delen av verda.

Vennegjengen er ikkje åleine om å reise til nabolandet. Ifølgje analyseselskapet ForwardKeys har flybookingar til Emirata auka 103 gonger samanlikna med 2019, som var det siste «vanlege» året før pandemien.

ForwardKeys opplyser også at 64 prosent av nordmenn som reiser til Qatar under VM, har kjøpt førsteklasse-billettar.

Hultgreen og resten av gjengen reiser med økonomibillettar.

– Vi byrja å sjå på billettar i april og reiser med billigaste billett vi fann, fortel Hultgreen.

AKTUELT NÅ