Minnestund for norsk terroroffer

Terror er terror, enten den skjer i Beirut eller Paris, var omkvedet då familie, vener og utanriksministeren var samla for å minnast Billal Hammoud i dag.

Minnestund for Bilal Hammoud

MINNER BILAL: Utanriksminister Børge Brende og stortingsrepresentant Heikki Holmås står side om side med familien til avdøde Bilal Hammoud idet den norske og den libanesiske nasjonalsongen blir spelt i minnestunda.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Vi trudde Noreg kom til å gjere meir. Eg veit ikkje kva unnskyldninga deira var. Men no takkar vi dykk, sa Jihad Hammoud, bror til Bilal, i minnestunda dei arrangerte for den avdøde broren i dag, der også utanriksminister Børge Brende var til stades.

Jihad Hammoud

SORG: Det er ein katastrofe for oss alle. Det plagar meg å tenke på at sonen hans kjem til å kome til meg å spørje kvar faren er. Kva skal eg seie? seier Jihad Hammoud, bror til Bilal.

Foto: Ketil Kern / NRK

Det var førre månad at Bilal og 42 andre vart drepne i to sjølvmordsangrep i Beirut.

Angrepa som IS tok ansvar for er dei blodigaste i landet sidan borgarkrigen tok slutt i 1990, men drukna i mediebiletet etter angrepet på Paris dagen etter, noko som i etterkant vart mykje debattert.

– Den som drep eitt menneske, drep alle

Mange var samla for å minnast den drepne nordmannen på Tauheed Islamic Centre i Oslo i kveld. Også utanriksminister Børge Brende og stortingsrepresentant Heikki Holmås (SV). Dei to politikarane sat på første rad i moskeen, side om side ved familien Hammoud.

Bilal hadde vore på besøk hos kona og sine tre barn i Libanon, og skulle ha reist heim til Noreg dagen før angrepet, men utsette heimreisa for å få litt meir tid med familien, som han håpa snart skulle flytte til Oslo så raskt papira var i orden.

På ein snartur innom marknaden i nabolaget smalt det. Bilal vart ikkje meir enn 37 år gammal.

– Den som drep eitt menneske, drep alle menneske, og den som reddar eitt menneske reddar alle. Hadde dei [terroristane] vore muslimar, så ville dei ha lese koranen og kjent dette verset, sa imamen i sin preken, og la til at norske muslimar må vise avstand til terroristane.

Imamen oppfordra også den norske regjeringa til å ikkje berre kjempe militært mot IS, men også til å stoppe all økonomisk støtte til terroristane.

Minnestunda gjorde inntrykk på Brende

– Mange vil seie at Bilal var på feil stad til feil tid. Men det var han ikkje. Han var der han skulle vere, på ferie i eit av sine to heimland, med sin familie. I Beirut slo terroristane til på eit bakeri utanfor ein moské. Dagen etter i Paris vart gleda over musikk, fotball og god mat avbroten av mørke krefter. Dei var alle der dei skulle vere, der dei har rett til å vere og der dei aldri må miste retten til å vere, sa Børge Brende i sin tale.

Han heldt fram med å ramse opp ei rekke av stader der terroren har ramma i år, og nemnde også nordmannen som vart drepen i fangenskap av IS.

– Vi kan bidra ved å sjå kvarandre slik Bilal gjorde då han kvar dag ønska sine gjester velkommen og serverte dei god mat, oppmuntrande smil og vennlege kommentarar, sa Brende, som sa at minnestunda gjorde sterkt inntrykk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger