Hopp til innhold

–Tschudi brukte Støre-pengar til forsking på eiga gruve

Millionane som utanriksminister Jonas Gahr Støre gav til Felix Tschudi skulle brukast til allmennyttige formål. Tschudi brukte dei til forsking på eiga gruve.

Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre er ute i hardt vær på grunn av pengetildelinga.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

I staden for allmennyttige formål som millionstøtta frå Støre skulle gå til, brukte Tschudi pengane på eit forskingsprosjekt på korleis han kunne frakte jernmalm frå si eiga gruve i Kirkenes til Kina, hevdar TV2.

Bakgrunn

I 2008 godkjente Utanriksdepartementet (UD) seks millionar kroner i s tøtte til stiftinga Senter for nordområdelogistikk.

Felix H. Tschudi

Felix Tschudi er ein gammal ven av Jonas Gahr Støre.

Det er reiaren Felix Tschudi som er initiativtakar og styreleiar is stiftinga som blei etablert i 2009.

LES: – UD-tildeling kan ha gitt Tschudi økonomisk fordel

LES: - Dette skadar forklaringa til Støre

Tschudi er ein gamal ven av utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Statsråden sjekka ikkje sin eigen habilitet før han delte ut pengane, og embetsverket i UD har vore bekymra for den tette koplinga mellom Støre og Tschudi.

LES: Støre: – Ikke et habilitetsproblem

Dokument i denne saka er ikkje blitt arkivert av Utanriksdepartementet, og opposisjonen ber Støre om å legge korta på bordet.

Støre har avvist alle krav om å få vurdert sin eigen habilitet i samband med pengeoverføringane.

Manglande dokument

Rederiforbundet sendte i 2008 ein e-post til UD der eit notat som truleg er eit utkast til søknad om støtte til stiftinga låg vedlagt.

LES: – Hvis du aldri er inhabil, er du ganske ensom

LES: Nye avsløringer om Støre og Tschudi

Trass i at VG har funne svaret til e-posten i UD sine arkiv, har ikkje den aktuelle e-posten med vedlegget vore å oppspore.

– Brukte pengane til eiga forsking

I dag avslører TV2 at stiftinga skulle forske på eigne gruver. Hemmelege dokument som TV2 skal har fått tilgang til viser at det har vore nære band mellom Tschudi shipping, Tschudi sitt eige reiarlag, og stiftinga Senter for nordområdelogistikk.

LES: Vil granske Støre-støtte

Dette skal vere bevis på at pengane som skulle gå til allmennyttige formål i staden er blitt brukt til forsking på korleis Tschudi kan frakte jernmalm frå sine eigne gruver i Kirkenes til Kina.

LES: UD gav millioner til Støre-bekjents stiftelse

På spørsmål frå TV2 om reiarvennen Felix Tschudi kan ha hatt økonomisk vinning av beløpet på seks millionar kroner som stiftinga fekk, svarar utanriksminister Jonas Gahr Støre:

– Føresetnaden for dette har vore eit allmennyttig formål om å løfte kunnskap. Det ligg i innvilginga av søknaden frå Norges Rederiforbund, der fleire deltok.

AKTUELT NÅ