Hopp til innhold

Milliongjeld etter nettspel

Fleire tusen nordmenn har milliongjeld etter spel på internett.

Gambling på Internett
Foto: KAREN BLEIER / AFP

Det meiner både Lotteritilsynet og ein av dei fremste ekspertane på spelegalskap i landet.

Ikkje åleine

Fleire og fleire slit på grunn av gambling på nettet, stadfestar informasjonssjef Rune Timberlid ved Lotteritilsynet.

- Ved hjelpelinja for speleavhengige var det i fyrste halvår 15 personar som ringte inn og sa at dei hadde minst ein halv million i spelegjeld. Det er like mykje som i heile 2007, seier han.

Video nsps_upload_2008_9_23_7_37_59_210.tiff
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Tusenvis taper millioner.

Rune Timberlid

Stadig fleire søkjer hjelp, seier Rune Timberlid i Lotteritilsynet.

Nettspel har fått mykje kritikk den siste tida. Mellom anna er det klart at den bedragerisikta Bjarte Baasland har spelt vekk 60 millionar kroner på nettspel.

LES: Baaslands tappe ryster nettselskapene

Trøysten er at han slettes ikkje er åleine.

Brukar sju milliardar

Psykiater Hans Olav Fekjær er ein av dei fremste ekspertane på spelegalskap i landet, og han er sett fleire alvorlege døme.

- Den største gjelda eg har vore borte i var på mellom 11 og 12 millionar kroner, men som regel stoppar tilgangen på pengar på ein til to millionar kroner, seier han.

I løpet av 2008 reknar ein med at nordmenn vil bruke minst 7 milliardar kroner på utanlandske internettspel.

Hans Olav Fekjær

Psykiater Hans Olav Fekjær fryktar at problemet vil auke.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Det er vanskeleg å fastslå kor mykje av desse pengane som går tilbake i gevinstar og kor mykje som faktisk vert tapt.

Fryktar for auke

- Tapet kjenner ikkje vi så mykje til, men vi ser at det er stadig fleire som taper veldig mykje. Det skaper store problem for folk, både personleg og sosialt, påpeikar Timberlid.

Det finst ingen konkrete tal på kor mange som har fått milliongjeld på grunn av pengespel, men Fekjær fryktar for kva som kan skje om ein ikkje får regulert aktiviteten.

- Eg vil tippe at det er ein del tusen som har spelegjeld på fleire millionar kroner. Dersom ein ikkje innfører avgrensingar, vil nok dette fortsetje å auke, meiner han.

LES: - Steng tilgangen til nettspill

Lyspunkt

AKTUELT NÅ