Hopp til innhold

Miljøpartiet Dei Grøne vil ha meir fritid i staden for lønsvekst

Miljøpartiet Dei Grøne vil få ned forbruket og foreslår at du skal jobbe mindre, og tene mindre i sitt nye partiprogram. – Meir fritid er eit større gode enn pengar, meiner dei.

Kortere arbeidstid

Det nye forslaget frå MDG var tema i Politisk Kvarter.

– Meininga med dette forslaget er at folk skal leve eit godt liv, sa talsmann for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Rasmus Hansson i dagens Politisk Kvarter.

Hansson og resten av kollegaane i MDG legger i dag fram sitt nye forslag til partiprogram, der det nemnde forslaget står blant fleire andre.

MDG-leder Rasmus Hansson

Nasjonal talsperson i MDG, Rasmus Hansson, meiner folk bør få meir fritid i staden for lønsvekst i framtida.

Foto: Christian Kråkenes

Heilt bokstavleg heiter det i forslaget: «Jobbe for å redusere arbeidstida slik at redusert arbeidstid i hovudsak erstattar reallønsauke».

Hansson understrekar at bakgrunnen for forslaget er å få ned forbruket vårt, slik at vi kan møte FN sine berekraftsmål som Regjeringa har skrive under på.

– Ta ut meir fritid i staden for lønsvekst

Ideen er at fleire folk vil komme i arbeid, samtidig som ein bidreg til å redusere forbruket, ved å la folk velje at løna ikkje skal stige meir enn prisnivået.

MDG meiner at den teknologiske utviklinga i arbeidslivet også er eit argument for forslaget. Hansson seier at automatiseringa av arbeidet ved hjelp av robotar kjem til å gjere at det vert vanskeleg å skaffe arbeid til alle i framtida.

– Då er det fornuftig å sjå på løysingar for å dele arbeid mellom folk, slik at vi får meir deltaking i arbeidslivet blant alle, og ikkje slik at nokon arbeider veldig mykje, medan andre ikkje jobbar i det heile tatt, seier Rasmus Hansson.

Stefan Magnus B. Heggelund

Stefan Heggelund i Høgre synest ikkje noko om forslaget frå MDG, og meiner det bryt ned velferdsstaten.

Foto: Oslo Høyre

– Kan ikkje ha meir fritid

I motsetnad til MDG, meiner Høgre at vi ikkje kan ha meir fri enn vi har i dag. Høgre meiner at Miljøpartiet Dei Grøne sitt forslag ikkje samsvarer med å sikre velferdsstaten.

– Vi har vore eit av verdas rikaste land så lenge at det tydelegvis er mange som trur det kjem til å gå bra uansett kva ein gjer, trass i at dei økonomiske spådommane viser det motsette. Det seier stortingsrepresentant for Høgre, Stefan Heggelund, og viser til motdebattant Hansson.

– Dette handlar om sjukeheimsplassar, skuleplassar og trygda til folk. Dersom vi skal ha råd til slike tenester kan vi ikkje kutte ned på arbeidstida vår, trass i teknologisk utvikling, meiner Heggelund.

Under sperregrensa

Partiet skal behandle programforslaget på landsmøtet i mai.

MDG hamna under sperregrensa med 2,4 prosent oppslutnad på NRK si januarmåling.

Målinga ville likevel gitt partiet éin representant på Stortinget, og moglegheit til å danne fleirtalsregjering saman med dei raudgrøne partia frå Stoltenberg II-regjeringa.

AKTUELT NÅ