Hopp til innhold

Miljømerka torsk vert sendt tur-retur Kina-Noreg for filetering

All torsk Findus sel i norske butikkar er miljømerka, men ein firedel av fisken vert filetert i Kina. – Forvirrande for forbrukaren, meiner Framtiden i våre hender.

Findus ryggfileter

TORSK: Ein fjerdedel av torsken Findus sel i Noreg vert filetert i Kina, trass i at den er miljømerka.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– All villfanga fisk som Findus sel i Noreg er miljøsertifisert gjennom MSC, seier Findus sin nordiske sjef for berekraft, Maria Svantemark.

Det blå MSC-miljømerket forsikrar dei som kjøper fisken om at den kjem frå eit berekraftig fiske.

Merkinga seier derimot ikkje noko om klimautsleppa frå å transportere fisken «jorda rundt» før den kjem til frysedisken på din lokale butikk.

I førre veke skreiv Expressen at Findus sender miljømerka norsk torsk til Kina for filetering, før den vert sendt tilbake til svenske butikkar.

MSC miljømerket

MSC-MILJØMERKET: Marine Stewardship Council er ein internasjonal ideell organisasjon som jobbar for å løyse problemet med uansvarleg fiske.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Til NRK opplyser Findus at 26 prosent av torsken dei sel her til lands vert filetert i Kina.

Findus nyttar ikkje berre norsk torsk fiska i Barentshavet, Norskehavet, ved Spitsbergen og Bjørnøya i produkta sine.

Dei brukar og Alaska Pollock som vert fiska i Stillehavet utanfor Alaska og Canada.

Over halvparten av Alaska Pollock selskapet brukar vert fileterte og fryst direkte om bord på båten, medan resten vert fileterte på EU-godkjente fabrikkar i Kina, opplyser Findus.

– Internasjonal transport er grovt underprisa

Anja Bakken Riise er leiar i Framtida i våre hender. Ho meiner MSC gjer ein viktig jobb for å sikre eit berekraftig fiske, men trur folk kan misforstå merkinga og tru at fisken sin veg frå sjøen til tallerkenen er meir miljøvenleg enn han er.

– All anna miljøpåverking er ikkje tatt med i merkeordninga, og det er jo openbert at det er veldig forvirrande for oss forbrukarar, seier Riise.

Leiaren i Framtiden i våre hender meiner manglande klimatiltak mot internasjonal transport gjer det økonomisk gunstig for selskap som Findus å sende fisk til andre sidan av verda og vidareforedle han der før dei sender han tilbake til butikkar i Europa.

– Internasjonal transport er grovt underprisa når ein ser på miljøpåverkinga han har. Desse utsleppa vert i tillegg halde utanfor internasjonale klimaavtalar, seier ho.

Anja Bakken Riise

ETTERLYSER AVGIFTER: Anja bakken Riise meiner den økonomiske kostnaden ved internasjonal transport av fisk i større grad bør atterspegle klimaavtrykket den lèt etter seg.

Foto: Renate Madsen / Framtiden i våre hender

Filetering for hand reduserer matsvinnet

Leiar for berekraft i Findus i Norden, Maria Svantemark, fortel at å filetere fisken i Kina gjev mindre matsvinn sidan dei gjer det for hand.

– Til no har Kina vore det beste alternativet, for det dei klarer å utnytte større delar av fisken. Dette gjer at vi kan tilby forbrukarar ein fornuftig pris, og hente ut mindre fisk frå havet, slik at miljøpåverkinga blir så låg som mogleg, seier ho.

Svantemark viser så til at størsteparten av miljøpåverkinga til sjømaten kjem frå sjølve fisket:

– Meir enn halvparten av den totale miljøpåverkinga kjem frå sjølve fisket. Det betyr at korleis fisken vert fanga har mykje større påverking enn kor han vert fanga og prosessert, seier Maria Svantemark.

Fiskeri

EKSPORT: Det vart ifølgje Norsk sjømatråd eksportert 27 695 tonn fryst heil torsk frå Noreg til Kina i 2019. Over 90 prosent blir selt vidare.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Nesten all norsk torsk Kina importerer vert selt vidare

Ulf Winther er spesialrådgivar i Sintef og forskar på klimaavtrykket til norsk sjømat. Han meiner transporten til og frå Kina fører til mindre klimautslepp enn ein skulle tru.

– Klimaavtrykket ved å sende fisken til Asia og tilbake til Europa er høgare enn om ein fileterer fisken i Noreg og sende den til Europa med lastebil og ferje. Men det at fabrikkane i Kina reduserer svinnet med fem prosent ved å filetere for hand og at dei er flinke til å nytte seg av reststoffa frå fisken veg delvis opp for den lange transporten, seier Winther.

Det vart eksportert 27.695 tonn fryst heil torsk frå Noreg til Kina i 2019, opplyser Norges sjømatråd.

Dei viser til ein studie av Promar i Kina, som estimerte at 2000–2500 tonn vart konsumert i det kinesiske marknaden.

Altså blir 91–93 prosent selt vidare, og mesteparten av det til Europa, skriv Norges sjømatråd i ein e-post.

Les og: Fiskerinasjonen Noreg bognar av fisk, men vi et stadig mindre av vår eigen sjømat

MSC meiner det er viktig å ta omsyn til klimautsleppa frå transport

Johan Henrik Frøstrup i MSC-Norway forklarar i ein e-post at merkeordninga deira gjer ei rekkje ting for å sikre forbrukaren om at fisken kjem frå eit berekraftig fiske.

Vidare skriv Frøstrup at forsyningskjedene i global handel er svært komplekse og at ein stor andel av den norske og utanlandske sjømaten som vert selt i butikkar i dag har vore innom fleire andre land.

– Sjømat, som andre varer, fraktast i dag verda rundt og tida frå fangst til sal kan vere fleire år, skriv Frøstrup.

MSC understrekar så at det er viktig å ta omsyn til transport i eit klimaperspektiv.

– Men fleire studiar har likevel vist at når det gjeld fangst, produksjon og distribusjon av sjømat i et totalperspektiv er transportarbeidet ikkje den mest dominerande bidragsytaren når det kjem til klimagassutslepp.

AKTUELT NÅ